Bru og kai
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
I Regional transportplan 2022–2033 leggast følgjande kriterier til grunn for prioriteringane:
«Bruer med høgast skadegrad og der forfall har stor betydning for levetid skal prioriterast for vedlikehald og oppgradering».
Kunnskapsgrunnlaget for bru er oppdatert, sak om dette handsamast parallelt med RTP-I. Det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget viser at behovet for oppgradering av bruer i Vestland framleis er stort, men kapasiteten på gjennomføring av vedlikehaldsprosjekt er avgrensa.
Det er frå tidlegare utarbeida eit felles fagleg grunnlag for bru og ferjekai, sjå underlagsrapport-rtp---bru-ferjekai-og- hurtigbatkai_28.06.21.pdf (vestlandfylke.no).
Utlysing av nye anbod på ferjesambanda i Sogn og Fjordane fører til behov for oppgradering av ferjekaier for å kunne legge til rette for heil- og delelektrifisering av sambanda.
Hovudutval for samferdsel og mobilitet har lagt til grunn at fv. 570 Risnes bru skal byggjast i aluminium.
I kartet inngår berre dei største prosjekta.
Dei største bru- og kai prosjekta

Fv. 542 Bømlafjordbrua, Bømlo |
Fv, 60 Storelva, Stryn |
Hjorteset og Solheim, Gloppen |
Fv. 606 Steinsund Indre, Solund |
Fv. 5238 Vindkjeften bru, Øygarden |
Fv. 583 Kulvert Osøyro, Bjørnafjorden |
Fv. 5266 Herdlesundet bru, Askøy |
Fv. 571 - Mollandseid bru, Masfjorden |
Fv. 5386 Ygre bru, Voss |
Fv. 630 - Kvamme Øvre I og II bruer, Lærdal |
Fv. 550 Herandelva bru, Ullensvang |

Fv. 5096 Simadalen bru |
Fv. 565 Alverstraumen bru, Alver |
Fv. 500 Sunndal bru, Kvinnherad |
Fv. 614 Isane ferjekai, Bremanger |
Fv. 616 Måløy ferjekai, Kinn |
Fv. 5412 Seters bru, Modalen |
Fv. 5430 Fitje bru, Osterøy |
Fv. 569 Slottet bru, Modalen |

Fv. 5724 Briksdalen I og II, Stryn |
Fv. 5591 Rørdalsfjord, Solund |
Fv. 570 Risnes bru, Masfjorden |
Fv. 57 Rysjedalsvika, Hyllestad |
Fv, 5662 Værlandet ferjekai, Askvoll |

Fv. 550 Edna bru |
Fv. 5714 Husevågøy ferjekai, Kinn |

Fv. 79 Fyksesund bru, Kvam |
Fv. 5114 Varaldsøy ferjekai, Kvinnherad |
Fv. 546 Husavik ferjekai, Austevoll |
Fv. 549 Hodnanes ferjekai, Tysnes |
Fv. 48 Gjermundshamn ferjekai, Kvinnherad |
Losna ferjekai, Solund |
Kunnskapsgrunnlag
I nytt kunnskapsgrunnlag for bru er det i ei prioriteringsliste føreslått vedlikehald og investering på 26 bruer i Vestland. Av desse er følgjande bruer investeringstiltak:
- fv. 566 Osterøybrua
- fv. 562 Askøybrua
- fv. 609 Dalsfjordbrua
- fv. 5034 Guddal
- fv. 556 Nordåsstraumen (Straume bru)
- fv. 587 Lone I
- fv. 5076 Lunde
- fv. 5076 Li
- fv. 53 Naustbukti øst, rasoverbygg
- fv. 55 Raundalsåni bru
- fv. 5150 Sundøy II
- fv. 55 Frivik II