Vedlikehaldsarbeid på Osterøybrua

Fase 3 i vedlikehaldsarbeidet på Osterøybrua er i gang.

Kva: Arbeid på fugen begge sider av brua. Osterøybrua blir heilt stengt fire einskilde netter (ikkje fire samanhengande netter). 

Tidsrom: Arbeidet vil skje i veke 41 – 50.

Natt 1: stenging blir laurdag 7. november kl. 19 til sundag 8. november kl. 09.
Meir informasjon om tidspunkt for nattestenging kjem neste veke.

Trafikkavvikling: Trafikken over brua blir lysregulert på dagtid. Det blir tilrettelagt med bilferje mellom Valestrand og Breistein dei aktuelle nettene brua er stengt. Meir informasjon om rutetidar på ferje og bussar finn du på skyss.no. 

Trafikken over brua blir lysregulert på dagtid. Kart: Vestland fylkeskommune
Trafikken over brua blir lysregulert på dagtid. Kart: Vestland fylkeskommune

Utskifting av seks brufuger

Vedlikehaldsarbeidet på Osterøybrua omfattar utskifting av i alt seks fugar som er plassert i påkøyringsrampane til brua på høvesvis Bergenssida og Osterøysida, og på sjølve brua som strekk seg over Sørfjorden. 

Arbeidet er delt opp i tre ulike fasar gjennom anleggsperioden for at folk skal få  kome seg til og frå Osterøy sjølv om det er vedlikehaldsarbeid på vegen.

Arbeidet vil pågå fram til desember.
I karta lengre nede på sida visar korleis trafikkavviklinga blir i dei einskilde fasane. 

Fase 1 

Kva: Køyreampe med avkøyring frå Osterøy i retning Bergen/Arna (E16) blir stengt om natta mellom kl. 21.00 og kl. 06.00. Køyreampen er open for trafikk om dagen.

Tidsrom: Arbeidet skjer mellom 24. juni –20. juli.  

Trafikkavvikling: Trafikantar må køyre og snu i rundkøyringa på Trengereid for å komme seg inn på E16 i retning Bergen.

Fase 2

Kva: Arbeid på køyrerampen på begge sider av brua. 

Tidsrom: Veke 30 –38 (20. juli – 20. september). 

Trafikkavvikling: 
Trafikken blir regulert med trafikklys. 

Trafikken blir regulert med trafikklys heile døgnet. Foto: Vestland fylkeskommune

Trafikken blir regulert med trafikklys heile døgnet. Foto: Vestland fylkeskommune

Trygg bru og mindre vedlikehald

Vedlikehaldsarbeidet omfattar utskifting av eksisterande fugekonstruksjonar. Fugene på Osterøybrua har vore i drift sidan brua blei bygd i 1997. Som andre konstruksjonsdeler blir fugene utsette for slitasje over tid frå trafikk, vêr og bevegelsar i konstruksjonen. Utskiftinga er ein del av planlagt vedlikehald for å sikre at fugene framleis fungerer som føresett, og for å forlenge levetida til brua.

Skifte ut seks fuger

Arbeidet omfattar utskifting av to lamellefuger, tre fingerfuger og éin asfaltfuge på brua og tilhøyrande viaduktar. For å kunne gjennomføre arbeida må eksisterande fuger og omkringliggande betong fjernast før nye fuger blir montert.

Fuger mot vêr og vind

Fugene er bevegelige overgangar i brua som tek opp bevegelsar som oppstår når konstruksjonen utvider seg og trekker seg saman som følge av temperaturendringar, trafikkbelastning, vind og andre påverknadar.

Fuger tar vare på brua

Utan fuger ville det kunne oppstå skadar og uønskte spenningar i brukonstruksjonen. Fugene er plasserte på bestemte stader i brua og tilhøyrande viaduktar (veg over land) der det er behov for å ta opp slike bevegelsar mellom ulike konstruksjonsdeler. Plasseringa er difor ein viktig del av brua si opphavlege konstruksjon og utforming.