Ser du ikkje sjå kartet over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingar. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan sjå kartet i eige vindauge.
Høyring om reguleringsplan i Tokagjelet gav mange innspel
I perioden 18. august til 24. oktober vart det gjennomført høyring og offentleg ettersyn for reguleringsplanen for Fv. 49 Eikedalen–Steinsdalen i Tokagjelet.
Arbeidet med planen byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, mellom anna faglege rapportar, kartleggingar, tekniske utgreiingar og formelle plandokument. For å gjere det lettare for innbyggjarane å setje seg inn i materialet, vart det arrangert ei eiga «høyringsveke» med folkemøte, kontordagar og synfaringar i planområdet. Her vart det orientert om planframlegget, korleis ein kunne forstå innhaldet, og korleis ein kunne sende inn merknadar.
Etter at høyringsfristen gjekk ut hadde kommunen motteke om lag 80–90 innspel. Eit stort fleirtal er positive til arbeidet med skred- og rassikring i Tokagjelet, men det er ikkje semje om alle løysingane som er foreslått.
Innspela viser at det er mange forhold som må vurderast nøye vidare. Arbeidsgruppa peikar på at det har vore både interessante og krevjande diskusjonar, og at dei er klar over at planen kan få store verknader for fleire.
No skal arbeidsgruppa gå gjennom alle innspel og merknadar. Dette vil ta noko tid, og det kan bli aktuelt med vidare dialog med berørte partar i det vidare arbeidet.
Uttale frå Kvam herad til reguleringsplanen
Framlegget til reguleringsplanen er omfattande og har fleire utfordrande tema som skal handterast. Kvam herad er ikkje samd med alle løysingane:
Kvam herdad sin uttale/vurdering av førstegongs handsaming av saka.
Meir informasjon om planarbeidet kan du sjå her:
- Planomtale - beskriv dagens situasjon, forslag til plan og verknad av konsekvens (pdf)
- Føresegn - juridisk ramme for bruk av område saman med plankart (pdf)
- Plankart - synar korleis areala i planområde kan nyttast (pdf)
Sjå 3D modell over ny veg frå Tokagjelet til Steinsdalen:
Sjå 3D modell i full størrelse