Desse er invitert med vidare i Heilevang-konkurransen

Fire aktørar er inviterte til å konkurrere om oppdraget med å rassikre fylkesveg 609 mellom Heilevang og Hestvika. 

Vestland fylkeskommune inviterte tidlegare i vår entreprenørbransjen til konkurranse med forhandlingar om rassikring av fylkesveg 609 mellom Heilevang og Hestvika. Sju entreprenørfirma og arbeidsfellesskap søkte om prekvalifisering, fire av dei er no inviterte med vidare.

Desse er:

  • Hæhre Entreprenør AS
  • Implenia Norge AS og Stangeland Maskin AS
  • NCC Norge AS
  • Veidekke Entreprenør AS

– Vi går i gang med separate avklaringsmøte med dei fire utvalde i august, og frist for levering av første tilbod er 7. oktober. I løpet av hausten vil det bli gjennomført fleire forhandlingsrunder med partane, før levering av siste og endeleg tilbod i slutten av november, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Publisert 30. juni 2025