Rein Sognefjord 2025
Også i år var Ytre Steinsund bru med på den store fjordryddedugnaden Rein Sognefjord! Den 4. september slo vi oss saman med andre langs heile Sognefjorden for å ta eit krafttak mot marint søppel.
I år konsentrerte vi oss om Djupvika, rett over vegen frå Skanska sitt riggområde. Her rydda vi grundig i fjor – men havet har ført med seg nytt søppel inn i fjæra.
Både Vestland fylkeskommune og Skanska stilte med mannskap. Takka vere årets innsats er det no litt mindre plast og skrot som kan ende opp tilbake i havet – eller forsøple naturen vår på land.