Fv. 5724 Briksdal bru

Planlegging av nye bruer og forbetra veg over Dalelva ved inngang til Briksdalen.

Fakta

Fakta

Fase: planlegging
Veg: fv. 5724
Område: Oldedalen i Stryn kommune
Kostnad: 1,5 millionar kroner

Ser du ikkje sjå kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge

Gjennom planarbeidet skal ein avklare plassering og utforming av ny bru med tilhøyrande sideareal og veg. Ny bru skal legge til rette for god framkomme over Dalelva og regularitet for næringsliv og for lokaltrafikk, heile året. Løysinga skal vere trafikksikker, lette drift og vedlikehald, sikre framkome for tyngre køyretøy og redusere køhendingar. Det er eit mål at fylkesvegen ikkje må stengjast i lengre periodar under anleggsarbeidet, i turistsesongen.

Prosjektet er omtalt i Regional transportplan for Vestland fylkeskommune og har prosjektløyving i investeringsbudsjettet 2025-2028. Det er eit mål om vedteken reguleringsplan innan utgangen av 2027, slik at ein kan starte bygging i 2028.

Vi har i dialog med Stryn kommune vurdert at det skal gjennomførast ei konsekvensutgreiing (KU) av naturmangfald og vassmiljø jf. Forskrift om konsekvensutgreiing § 10.

Innspel til planarbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysingar til oss innan tysdag 30. juni 2026.

Send det til oss skriftleg på følgjande måtar:

  • vanleg post til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
  • via eDialog: eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune
  • e-post til post@vlfk.no

Alle innsendingar må markerast med saksnummer: 2026/28371 eller med namn på planen «Detaljreguleringsplan for fv. 5724 Briksdal Bru - Stryn kommune».

Relatert informasjon

Kontaktpersoner

Hilde Helene Bjørnstad

Planleggingsleiar