Fv. 571 Mollandseid bru

Ny bru skal gi god framkomst og tryggleik. Eksisterande bru er i dårleg stand og skal erstattast med ei tofeltsbru.

Fakta

Fakta

Fase: Prosjektering
Veg: Fv. 571
Område: Masfjorden, Nordhordland

Prosjektering

Ferdig mars 2026

Bygging

Oppstart juni 2026

Prosjektet inneber riving av eksisterande Mollandseid bru, bygging av ny bru, justering av veg-geometri på kvar side av brua, samt mindre utvidingar og tilpassingar mot terreng langs sørsida av Masfjordvegen.

Hovudtiltak knytt til flytting av bru vil berøre en strekning på ca. 150 meter. Anleggsarbeidet vil innebere blant annet riving, graving, betongarbeid og sprenging.

Det er sett strenge miljøkrav til alle arbeida i og ved Mollandselva. Arbeidet omfattar også tiltak for betre fiskevandring i Mollandselva etter at ny bru er bygd og den gamle er riven.