Folkemøte i Bygstad
Torsdag 26. januar inviterte Sunnfjord kommune til folkemøte. Tema for møtet var ny arealdel i kommuneplanen, og planprogram for fv. 57 Båtevika-Storehaugen.
Om lag 120 personar hadde teke turen til samfunnshuset i Bygstad denne kvelden. Plansjef i Førde kommune, Odd Harry Strømsli, leia den første delen av møtet om arealplanen.


Seksjonsleiar for forvaltning Vestland i fylkeskommunen, Ann Kristin Nes, innleia den andre halvdelen av møtet, der planprogrammet for fv. 57 var tema.
– Fv. 57 går frå Storehaugen og heilt til Knarvik, og er blant viktige regionale samband i fylket. Vegen har ulike funksjonar, som pendling og samanbinding av ulike bygdelag, men den er også blant dei viktigaste vegane for næringslivet i Vestland.
Fv. 57 er ein klasse B veg i RTP (regional transportplan) og er blant utvalde strekningar på fylkesvegnettet der det vert utarbeidd strekningsvise utgreiingar. Desse utgreiingane skal ligge til grunn for prioritering av planlegging, investeringstiltak, standardheving og vedlikehald på dei utvalde strekningane. Målet er å auke standarden på det overordna fylkesvegnettet.

Arne Kringlen frå Norconsult presenterte sjølve planprogrammet. Dette skal legge grunnlaget for vidare arbeid med ein kommunedelplan.
– Det overordna målet i kommunedelplanen er at ei utbetring av fv. 57 mellom Båtevika og Storehaugen skal styrke konkurransekrafta i næringslivet og hovudtrekka i busettingsmønsteret på aksen mellom regionsenteret Førde og HAFS-området.
Det er sett på mange forslag til trasear, og det har gjennom planarbeidet blitt redusert til 10 trasear som kan vere aktuelle og realistiske, i tillegg til utbetring av eksisterande trase.
Dei ulike traseane kan delast inn i 3 konsept:
- Konsept A med kryssing av Svædsundet og veg via Bygstad til Storehaugen.
- Konsept B via Osen og ulike alternativ opp til Storehaugen.
- Konsept C via Osen til E39 ein stad mellom Storhaugen i nord og Sande i sør.
Dei ti alternativa vart med inn i ein silingsprosess. Blant kriteria finn vi prissette tema som byggekostnad, trafikkfordeling og køyretid, men også tema som er vanskeleg å sette verdi på, som landskap, kulturarv og naturmangfald.
Formannskapet i Sunnfjord kommune handsama saka 3. november 2022, og planprogrammet vart lagt ut på høyring med dette vedtaket.
- Kommunedelplanen skal arbeide vidare med alternativa A1, A2, B9 og utbetringsalternativet.
- I arbeidet skal også moglegheitene for stegvise utbyggingar og kombinasjonar innanfor desse alternativa vurderast.
Frist for å komme med merknader er 7. februar.