Prosjektet strekker seg ca. frå krysset mot fv. 5416 Mjelddalen og krysset mot fv. 5422 Gjerstadvegen.
Vegen har dårleg kurvatur som har ført til utforkøyringsulykker. Krysset mot fylkesveg 5416 er dårleg, i tillegg til at det er dårlege sikt- og stigningsforhold i avkøyrsler. På vinterstid er det er vansekeleg forhold opp bakken i Vesetgjelet.
Reguleringsplanen vil vere ein del av fleire tiltak som skal inngå i ein bompengepakke for Osterøy.
Reguleringsplanen skal legge til rette for utbetring av dagens veg på strekninga, som vil gjere den meir trafikksikker og gi betre framkomme for alle trafikantgrupper.
Planarbeidet skal legge til rette for betre framkomme for køyretøy, som vil kunne legge til rette for næringsutvikling i kommunen. Det skal og sikrast tryggare forhald for mjuke trafikantar som ferdast i området Kolabakken, i nedre del av prosjektstrekninga.
Ser du ikkje sjå kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge