Lille Lauvøysund bru stenger

Lille Lauvøysund bru stenger frå 5. oktober - 9. oktober (veke 41 og haustferie) grunna vedlikehald av brua.

Brua blir stengt i fem dagar

Køyrebanen på brua er som kjent smal, og det er ikkje mogleg at bil- eller gåande er på brua når arbeidet pågår. For å ivareta tryggleiken for dei som arbeidar på brua, og for at arbeidet skal vere effektiv, er det mest hensiktsmessig å stenge vegen heile anleggsperioden.

Tilpassa bussrute

Vestland fylkeskommune er i gang med å planlegge ei tilpassa bussrute i området saman med Skyss. Her vil ein tilpassa bussrute (411) kunne ta passasjerar vidare.
 
Tilpassa bussruter i området blir  lagt ut på Skyss når dei er klare i mai/juni.
Meir informasjon om bussrutar på skyss sine nettsider 

Transport med båt

Det blir tilbod om båt som persontransport til og frå Ramsøy kai og Frydenbø kai på Hanøytangen. Båten vil gå omlag 1 gong per time om morgonen og ettermiddag/kveld. Overfartstida er berekna til omlag 15 minutt.

Båten vil ikkje gå mellom kl. 11.00 og kl. 14.00 grunna pålagt kviletid. Båtruta vil gå om sør for å unngå ferdsel under brua. Dette er for å ta vare på sikkerheita til båtrafikken på sjøen så lenge det er arbeid på brua.

Det kjem meir informasjon om båtruter når dei er klare i mai/juni.

Parkeringsplassar ved Hanøytangen

På kaien ved Hanøytangen vil det vere 30 parkeringsplassar til disposisjon for dei som skal ta båt. Her er det lagt opp til "første mann til mølla-prinsippet", og difor ikkje mogleg å reservere plass. 

Vestland fylkeskommune er i dialog med Askøy kommune og naudetatar om vegstenginga. 

Sikrar god beredskap

Kommunen jobbar med å legge planar for beredskapen i perioden brua blir stengt. Dette skal sikre god beredskap for innbyggarne under stenginga.
Sjå meir  informasjon på Askøy kommune sine nettsider

Det vil vere tilbod om båt til og frå Hanøytangen kai og Ramsøy kai  
Kart: Fylkesatlas/Vestland fylkeskommune
Det vil vere tilbod om båt til og frå Hanøytangen kai og Ramsøy kai Kart: Fylkesatlas/Vestland fylkeskommune

Nytt brudekke gir høgare levetid 

Lille Lauvøysund bru har i dag eit brudekke av gitterrister som har blitt slitt etter fleire tiår med trafikkbelastning.

Tida er no inne for å vedlikehalde brua og skifte ut slitte gitterrister med eit kompostikkdekke. Dekke har høgare levetid, rustar mindre og krev minimalt med vedlikehald. Det skal også legges asfalt på brudekke før åpning.  

Mindre støy

Det har diverre over tid vore ein del støy frå bilar som køyrer over brua. Støyen kjem av at ristene er i direkte kontakt med dei underliggande stålbjelkane. Etter at brua har fått ny dekke vil støyen bli vesentleg redusert. 

Har du spørsmål?

Kristoffer Hove, prosjektleiar i Vesland fylkeskommune
kristoffer.hove@vlfk.no
Mobil: 911 16 125

Trond Baardseth, byggeleiar i Vestland fylkeskommune
E-post: trond.baardseth@vlfk.n
Mobil: 994 15 075

 

Er det mogleg for lading hos Frydenbø?
Det er ikke mogleg å lade privatbilar ved Frydenbøkaia. Vi minnar om alle bør planlegge godt og lade på Circke K Ravnanger eller andre stadar der dette er mogleg. 

Vi jobbar med å finne løysingar og svar på fleire spørsmål fra bebuarar som ble stilt på informasjonsmøte. Vi legg ut her så snart dei er klare.