Vestland fylkeskommune vil med dette planarbeidet følgje opp strekninga mellom skulen og krysset til Fureberget, som er prioritert i Miljøløftet. Dagens vegstrekning har lav standard frå skuleområde til bustadområder. På grunn av den lave standarden for gåande og syklande er det stor transport av barn i privatbilar til og frå skule. Ved å få samanhengande fortau gjennom bygda vil det bli meir attraktivt å gå eller sykle til og frå skulen, men også mellom dei ulike bustadområda på Seim.
I Miljøløftet er målet å etablere ca. 700 meter med fortau, betre busshaldeplassar og sanering av avkøyrsler frå skulen og sør til krysset Fureberget. Frå skulen og vidare nord til Fuglevikvegen er det tidlegare etablert fortau. Dette vil saman sikre samanhengande og trafikktrygt tilbod for mjuke trafikantar gjennom bygda. Særleg til/frå skulen, men også for å binde saman bustadområda på Seim.
Hovudføremål er å auke trafikktrykkleiken og tryggare skuleveg, slik at fleire kan gå og sykle i staden for å bli køyrd. Vidare mål for reguleringsplanen er å redusere tal på ulykker, auke tal på mjuke trafikantar, og ingen skade på veg dei første 30 åra etter vegopning grunna ekstremnedbør.
Har du innspel til planarbeidet?
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysingar til oss innan måndag 16. juni 2025. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger eller via eDialog, eller med e-post til post@vlfk.no
Alle innsendingar må markerast med saksnummer: 2024/64246 eller med «Reguleringsplan for fv. 5474 Seim».