Spørsmål og svar
Her finn du kanskje svar på noko av det du lurer på.
Kor tid blir det forbod mot å parkere i Hagerups vei?
Når prosjektet går i gang hausten 2025 blir det forbode å parkere langs vegen. Det blir gitt beskjed god tid i forkant.
Har eg rett til å klage på forbodet?
Du har ikkje klagerett på vedtaket om skiltregulering. Vedtaket gjeld allmenta, og ikkje enkeltpersonar eller verksemd.
Du kan komme med innspel og tilbakemeldingar på tiltaket, desse kan sendast på e-post til post@vlfk.no
Korleis har høyringsprosessen vore, og kvifor er ikkje naboar inkludert?
Skiltsaker på fylkesveg blir først førebudd av fylkeskommunen, og deretter sendt over til Statens vegvesen som vurderer saka og gjer eit vedtak. Før vedtaket blir gjort gjennomfører Statens vegvesen høyring i samsvar med krava i skiltforskrifta. Ettersom offentlege trafikkskilt gjeld for alle trafikantar, ikkje enkeltpersonar eller enkeltverksemder, er det politiet og kommunen som kan uttale seg på vegne av allmenta.
Korleis blir personar med nedsett funksjonsevne ivareteke?
Det er ikkje handikapparkering langs Hagerups vei i dag, og det blir det ikkje når prosjektet er ferdig heller. Ved krysset i Hagrups vei 32 vil det vere nokre parkeringsplassar, og det kan vere ein av desse blir ein handikapparkeringsplass.
Kvifor kan vi ikkje behalde parkering som den er?
Sånn vegen er i dag er det ingen avgrensing mot sykkelfeltet, dette kan skape farlege situasjonar. Breidda på dagens sykkelveg blir auka, som gjer at det ikkje blir plass til parkering.
Kan eg lage min eigen parkeringsplass på tomten min?
Du må søke for å kunne lage din eigen parkeringsplass.
I område der det finst ein reguleringsplan er det Bergen kommune som er mynde etter plan- og bygningsloven. Vestland fylkeskommune får mogelegheit til å uttale seg til saka ved at kommunen sender søknaden på høyring. Bergen kommune handsamar søknadar som er knytt til kommunal veg.
Vestland fylkeskommune handsamar søknadar knytt til fylkesveg i område som er uregulerte. Ligg området nær fylkesveg og/eller har tilkomst frå fylkesveg er det Vestland fylkeskommune som skal fatte vedtak etter veglova.
Ligg parkeringsplassen innanfor byggegrensa til fylkesveg må du ha dispensasjon. Du må også ha løyve om du skal etablere ny avkøyrsel eller endre bruk eller utforming av eksisterande avkøyrsel.
Søknadsskjema og meir info finn du her: https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/loyve-og-dispensasjonar/
Blir parkeringsplassane erstatta?
Du kan parkere i området, i andre vegar enn i Hagerups vei. Alle som bur i området har mogelegheit til å søke Bergen kommune om soneparkering.
Kan eg få kompensasjon for eventuelt verditap på bustad?
Nei, naboar til offentleg veg har i utgangspunktet ikkje rett på å kunne parkere på offentleg areal langs vegen. Det er difor ikkje aktuelt å gi kompensasjon.
Kor blir det lov å parkere? Kan eg parkere om bilen står utanfor den kvite stripa?
Parkering forbode-skiltet gjeld for heile det området som kan seiast å vere en del av vegen og ope for alminneleg ferdsle, også utanfor den kvite stripa.
Kor grensa går for kva som tolkast som ein del av vegen vil vere ei vurdering som blir gjort av parkeringsvaktane.
Kan eg få dispensasjon frå forbodet?
Nei, vegtrafikkloven og skiltforskrifta gir ikkje moglegheit for å kunne gi enkeltpersonar eller eigendommar dispensasjon.
Kor kan eg finne dokumenta i saken?
Du kan finne alle dokumenta i saken i Vestland fylkeskommunes innsynsløysning på einnsyn.no. Det er mogleg at det finst andre dokument hos de andre offentlege etatane som har handsama saken (Statens vegvesen, Bergen kommune og Vest politidistrikt,) innsyn i disse dokumenta må søkast hos den enkelte etat.