Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.
Vestland fylkeskommune skal utarbeida ein reguleringsplan for å betre situasjonen for mjuke trafikantar langs delstrekning 3 mellom Sperrevik sør og Nordstraumen. Planarbeidet skal regulere ein løysning som fremjar betre og tryggare tilhøve for mjuke trafikantar og trygg skuleveg innanfor grensa til ordinær skuleskyss.
Gang- og sykkelveg mellom Sperrevik sør – Nordstraumen (delstrekning 3)
Sperrevikvegen er ein skuleveg som i dag manglar tilbod til mjuke trafikantar. Måla med prosjektet er å auke trafikktryggleiken for mjuke trafikantar. Det blir viktig å sørge for at barn og unge på eiga hand kan ta seg fram mellom heim, skule og idrettsanlegg langs Sperrevikvegen. Ved å etablere eit eige tilbod for denne trafikkgruppa i form av fortau/ gang- og sykkelveg, slepp dei å bruke køyrebana langs strekningar.
Kompensasjon for bompengar
I samband med bygging av E39 Svegatjørn-Rådal blei det bestemt å opprette ein bomstasjon på fv. 5158 ved kommunegrensa mellom Bergen og Bjørnafjorden kommune. Som kompensasjon for bompengar blei det sett av midlar til tiltak på fylkesvegen for tryggare veg, gang- og sykkelveg og vurdering av mindre tiltak.
Tiltak for mjuke trafikantar
I 2022 vart det utarbeida eit forprosjekt i regi av Vestland fylkeskommune der det blei kartlagt kva tiltak ein bør gjere langs vegen. Utgreiinga fokuserte på tilhøva for mjuke trafikantar og tiltak for å betre tilhøva. Det blei og sett på kva ein kunne gjere for å få til eit mest mogleg samanhengande tilbod for mjuke trafikantar mellom Nordvikvegen og Lyseklostervegen. Trygge plassar for å krysse vegen samt haldeplassar for buss ble også vurdert. Det blei peikt på sju moglege tiltak/delstrekningar.