Førebur fejeavløysingssøknad for Atløysambandet

Planane for Atløysambandet er no midt inne i ei ekstern kvalitetssikring. Målet er at denne skal vere klar i løpet av april, slik at fylkespolitikarane kan handsame planane på junitinget.

Reguleringsplanen for Atløysambandet vart godkjend av dei folkevalde i Askvoll kommune i juli 2020.

Året etter vart det løyvd pengar til å gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring av planane. Samferdselsdepartementet set krav om at alle prosjekt over 1 mrd. kroner skal igjennom ei slik kvalitetssikring, den same som i statlege prosjekt vert kalla KS2 (Kvalitetsikring og kvalitetsoverslag).Alle prosjekt som overstig ein milliard må ha ei ekstern kvalitetssikring for å bli godkjent for ferjeavløysingsmidlar.

–  Etter at reguleringsplanen vart godkjend, har vi jobba med å oppfylle krava til ferjeavløysingsmidlar. Firmaet Marstrand er valt som kvalitetssikrar, og tidleg i februar skal fylkeskommunen vere med på ei felles synfaring i Askvoll, fortel planleiar Ann Kristin Nes i Vestland fylkeskommune.

Målet med synfaringa er å gje Marstrand eit god innblikk i prosjektet. Kommunen vil og få høve til å seie litt om prosjekthistorikken.

Marstand skal levere sin rapport innan utgangen av april, slik at den er klar til fylkestinget i juni. Rapporten vil gje ei vurdering av om planane og kostnadsoverslaget er gode nok.Om fylkestinget godkjenner planane for Atløysambandet, vil søknaden om ferjeavløysingsmidlar bli sendt til departementet i løpet av hausten.

Publisert 4. februar 2022