Fullsett folkemøte for Atløysambandet

Foajeen på Askvoll skule var smekkfull då Vestland fylkeskommune og NCC inviterte til folkemøte om Atløysambandet tysdag kveld. Innbyggjarane fekk høyre meir om framdrift, anleggsarbeid og kva som skal skje dei neste fire åra.

Fullsett foajé på Askvoll skule under folkemøte om Atløysambandet. Innbyggjarar sit samla og høyrer på orientering frå Vestland fylkeskommune og NCC om det komande anleggsarbeidet.
Det var stor interesse då Vestland fylkeskommune og NCC inviterte til folkemøte om Atløysambandet på Askvoll skule måndag kveld.

Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Helge Follevåg, ønskte velkomen, medan ordføraren i Askvoll heldt ei helsing.

Presenterte planane for dei neste fire åra

Prosjektleiar Ståle Liland i NCC presenterte både firmaet og underentreprenøren Birkeland AS. Han orienterte også om kva som skal skje i prosjektet dei neste fire åra.

Arbeidet ute i traseen er venta å starte opp i løpet av oktober. På møtet fekk innbyggjarane informasjon om framdrift, trafikkavvikling og korleis anleggsarbeidet vil påverke lokalsamfunnet. 

Opna for spørsmål og innspel

Etter presentasjonane vart det opna for spørsmål frå salen og uformelle samtalar med representantar frå både Vestland fylkeskommune og NCC. 

Folkemøtet markerte starten på ein ny fase i prosjektet, før anleggsarbeidet no gradvis kjem i gang utover hausten.

Prosjektleiar Helge Follevåg frå Vestland fylkeskommune står framfor deltakarane under folkemøtet om Atløysambandet på Askvoll skule. Salen er fylt med frammøtte innbyggjarar.
Prosjektleiar Helge Follevåg i Vestland fylkeskommune ønskte velkomen då Vestland fylkeskommune og NCC inviterte til folkemøte om Atløysambandet på Askvoll skule.


Spørsmål frå salen:

Kva skjer med tilgangen til Olsetvika båthavn?
- Det blir tilgang til Olsetvikane båthavn som før, foruten om kortare stengingar.

Korleis blir båttrafikken påverka?
- Sauesundet og Olsundet blir stengt når vi går i gang med anleggsarbeid i sundet. Vil ikkje påvirke ferje, hurtigbåt eller anna fritidsaktivitet. Granesundet skal vere ope til ei kvar tid, men kan bli stengt nokre timar i samband med nokre arbeidsoperasjonar som eksempelvis montasje av senkekassar. Vil ligge vaktbåtar. 

Prestøyna – blir det rasteplass?
- Det er regulert ein rasteplass/oppstillingsplass både på Prestøyna og på Sauesundsøyna. Oppstillingsplassane er ynskt frå kommunen, men det er dei som ikkje ynskjer etablering av dette her. Det skal avgjerast i byggefasen, vi skubbar det fram i tid.

Blir det belysning på brua?
- Det blir lys integrert i rekkverk, sannsynligvis på begge sider av køyrebana.

Skal høgspenttrase vere med?
- Høgspent i veg- og brutraseen er opsjon i kontrakta, Linja har fått ein pris og ein frist for tilbakemelding.

Blir det fleire avkøyrsler på øyene enn det som før?
- Det er regulert inn fleire avkøyrsler enn opprinnelig reguleringsplan la opp til. 

Blir vegen på Atløy opna før brua?
-  Teknisk er det mogeleg, men ikkje avklart.

Veg frå skulen på Askvoll-sida. Tidsperspektiv?
- Strenge restriksjonar på jobbing i Leira. Når vi først går i gang – så gjer vi oss ferdig. Flytting av kryss og veg over Leira, fortast mogleg ferdig innanfor restriksjonar knytt til fuglar og hekking.

Mannskap - kor tid vert det toppen?
- Når vi held på med senkekassene, då blir det jobbing 24 timar i døgnet med glidestøpforskaling. Arbeid med hovudbru krev mest bemanning– mannskap redusert utover 2028.

Riggområde
- Innkvartering på brakkerigg, kontorfasilitetar og alt samla. Leiing tilgjengeleg til ei kvar tid, andre i skiftordning. Nattarbeid under støyping.

Brakkerigg på Atløy? Område der det er privat vassverk.
- Planlagt kontorrigg og spis og lump. Skal etablere nye drikkevasskjelde – avtale med grunneigar. Om vi kjem inn på andre drikkevasskjelder i samband med rigg vil vi kontakte grunneigar.

Massebalanse i projektet – blir det behov for å sprenge ut stein andre stader?
- Det er behov for steinmassar på Prestøyna, men eit evt. sidetak blir då på landsida. Blir frakta ut på øya frå fastlandet.

Ferjetrafikk – blir den påvirka? Må vi som bur på Atløy gjere endringar i kvardagen?
- Det er avgangar der ferja er fylt opp med lokalbefolkning. Entreprenør må passe på å ikkje bruke desse til å frakte maskiner. Mannskapstransport blir med båttransport. Trafikk til brua vil gå motsett frå mykje av den andre trafikken. Støypearbeid: det vil bli levert armering, betong osv, men store støypar kan ein planlegge slik at dette blir til minst mogeleg hinder for fastbuande.

Publisert 27. august 2026