Evaluering viser gode resultat frå FORREGION
Førebelse resultat frå ei evaluering gjennomført av Oxford Research hausten 2026 viser at Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION) når bedrifter i heile landet og har ein tydeleg distriktsprofil. Medan nasjonale forskingsverkemiddel i større grad er konsentrerte om dei mest sentrale områda, bidreg FORREGION til å gjere forsking og innovasjon tilgjengeleg også for bedrifter i distrikta.
Fleire bedrifter tek steget vidare
Når bedrifter i heile landet
Eit anna sentralt funn er den tydelege distriktsprofilen til FORREGION. Om lag 22 prosent av forprosjekta er gjennomførte i dei minst sentrale kommunane i landet. Til samanlikning går berre 8 prosent av innovasjonsprosjekta i Noregs forskingsråd til bedrifter i dei same områda. Dette viser at FORREGION når bedrifter som i mindre grad nyttar dei nasjonale forskingsverkemidla.
Viktig inngang til forsking
Samla konkluderer evalueringa med at FORREGION bidreg til at fleire bedrifter klatrar i forskingstrappa. Gjennom kompetansemekling og forprosjekt får bedrifter erfaring med forskingssamarbeid, auka forståing for korleis forsking kan nyttast i utviklingsarbeidet og betre føresetnader for å gå vidare til nye FoU- og innovasjonsprosjekt. Samstundes viser rapporten at mange bedrifter treng vidare støtte for å ta steget frå mindre forprosjekt til større forskings- og innovasjonsprosjekt.
Endeleg lansering av evalueringsrapporten er 11. november 2026 kl. 10.00. Det kan førekome mindre endringar fram til lanseringa.