Lær å stoppe negative tankar – heilt gratis
Tankevirus er eit gratis og digitalt meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Det er moglegheit til å delta anonymt.

Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus. Det gir deg enkle og teknikkar for å avsløre "tankefeil" og tenkje klarare i kvardagen.
Kjenner du deg att i å tenkje for mykje, stresse unødig eller kverne på bekymringar? Då er Tankevirus noko for deg.
"Utruleg godt opplegg med imøtekommande og engasjerte verter. Gode refleksjonar og aktivitetar. Eg hadde vore med ein gong til om det var mogleg."
Kva får du?
- Enkle verktøy for å oppdge og handtere negative tankar
- To digitale samlingar med dyktige instruktørar
- Psykologsk kunnskap forklart på ein enkel og praktisk måte
- Refleksjon og verktøy tilpassa di rolle eller kvardag
Praktisk informasjon
Kurset er gratis, digitalt og anonymt. Det består av to digitale samlingar på to timar kvar. Det er tilpasse ulike målgrupper:
- Tilsette i Vestland fylkeskommune, opplæringskontor og andre som jobbar med elevar og lærlingar: 5. og 12. september kl. 13.00-15.00: meld deg på dette kurset
- Elevar og ungdom: 15. og 22. oktober kl.19.30-21.30 – meld deg på dette kurset
- Lærlingar og lærekandidatar: 29. oktober og 5. november kl. 19.30-21.30 – meld deg på dette kurset.
Kursa går over to dagar, og du som melder deg på, må såleis setje av begge datoane.
Kva er Tankevirus?
Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.
Akkurat som kroppen kan bli sjuk av virus, kan tankane bli "smitta" av tankefeil – måtar vi tolkar verda på som gjer oss meir stressa og urolege. Kurset hjelper deg med å kjenne att desse tankefeila og gir deg eit mentalt motmiddel.
Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som laste ned appen, og 7 av 10 opplever betring.
Kven står bak kurset?
Magnhild Solvoll og Karoline Heggøy frå Vestland fylkeskommune er haustens kurshaldarar. Dei har lang fartstid som kurshaldarar for både fysiske og digitale Tankevirus-kurs, og samarbeidar med utviklarane av kurset.