Tilskot til ABC for god psykisk helse

Vestland fylkeskommune lyser ut 2,4 millionar kroner til arbeid for å fremme  god  psykisk helse i Vestland.

Føremålet med ABC for god psykisk helse er å fremje god psykisk helse, auke helsekompetansen i befolkninga og inspirere fleire til å gjere gode val for eigen og andre si psykiske helse. Tilskotsordninga skal stimulere til at ABC for god psykisk helse blir betre kjent og teke i bruk i Vestland. Tilskotsordninga skal stimulere til aktivitetar som fremjer, synleggjer og tek i bruk ABC for god psykisk helse i Vestland.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. september 2025.

Mål for tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal stimulere til aktivitetar der ein gjer noko aktivt og meiningsfult saman. Søknader som viser til at menneske kjem saman som fremmer, synleggjer og tek i bruk ABC for god psykisk helse i Vestland.

Målgruppe for ordninga

Målgruppe for å gjere ABC kjent og teke i bruk vil vere heile Vestland. For å få ABC ut i praksis vil vi i 2025 ha ekstra innsats mot utvalde målgrupper; eldre, minoritetar og ungdom/studentar.

Kven kan søke?

Kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar. Andre relevante aktørar kan vurderast. Tilskot skal gå til aktivitet i Vestland.

  • Nye aktivitetar og utviding av eksisterande aktivitetar.
  • Aktivitetar som når ut til nye målgrupper.
  • I søknad må ein beskrive korleis det det ein søker tilkskot til er ABC.

Døme på kva ein kan få tilskot til:

  • aktivitetar
  • arrangement
  • rekruttering av nye deltakarar og målgrupper
  • nedbygging av barrierar til deltaking (til dømes transport til og frå prosjekt/tiltak/aktivitet)
  • nødvendig forbruksmateriell til tiltaket/aktiviteten (vi oppmodar til bruk av utlånsordningar, som BUA og andre ordningar)

Ordninga gir ikkje tilskot til:

  • ordinær drift
  • kommersielle aktørar/aktivitetar
  • investeringar som kvalifiserer til spelemidlar og andre statlege ordningar

Søknadane blir vurdert ut frå følgjande kriterium:

  • Aktivitetar som vil styrke samarbeid og samhamdling på tvers av kommunar og frivillige lag og organisasjonar.
  • Aktivitetar som reduserer barrierar for deltaking (økonomiske, kulturelle eller sosiale barrierar).
  • Aktivitetar retta inn mot målgruppene eldre, minoritetar og ungdom/studentar.
  • Aktivitetar på tvers av dei prioriterte målgruppene, eller mellom ein eller fleire av  dei og andre målgrupper.
  • Aktivitetar som er med på å synleggjere ABC for god psykiske helse i Vestland fylkeskommune (korleis bidreg aktiviteten til ABC).
  • Kvalitet på søknaden opp mot ABC-modellen.

Ein søknad må ikkje oppflylle alle vurderingskriteria, men dess fleire av desse som er oppfylt, dess meir relevant er søknaden for ordninga. Fylkeskommunen har mål om at midlane blir godt fordelte geografisk og mellom organisasjonar innan ulike fagområde.

Søknaden skal innehalde:

  • Informasjon om søkjar
  • Skildring av prosjektet
  • Målgruppe for prosjektet
  • Korleis ein skal nå målgruppa
  • Korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • Eventuelle samarbeidspartnarar - korleis tek dei del i prosjektet?
  • Budsjett og finansieringsplan
  • Forventa resultat/målsetting
  • Det er krav om 50% eigenandel, men eigeninnsats (dugnad eller arbeidstimar kan reknast som eigenfinansiering inntil 300 kroner per time). Eigeninnsats må kome tydeleg fram av budsjettet.

Behandling av søknaden

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadsbehandling i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova. Søknadene blir vurdert ut frå ovannemde vurderingskriterium.

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering delegerer mynde til direktør for kultur og folkehelse for tildeling av tilskot til kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar. Tildelingane vert å legge fram som referatsak.

Helsedirektoratet har inngått ei lisensavtale med Curtin University som omhandlar vilkår for bruk av ABC-modellen i Norge. Tilskotsmottakar kan mellom anna ikkje nytte logoar og anna materiale frå ABC-modellen med føremål om økonomisk gevinst. Ved tildeling av midlar vil ein få oversendt vilkår for bruk.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Større endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Tilskotsmottakar rapporterer på vlfk.no innan 1. mars 2026.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor kan setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar som er påkrevd for sin kontroll.

Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova § 28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune.