Program for folkehelsearbeid i Vestland

Vestland fylkeskommunen fekk 2024 godkjend ein ny programperiode for 2024–2027. Våren 2025 starta seks nye programprosjekt.

Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017–2027 (folkehelseprogrammet) er ei tiårig satsing for å utvikle kommunane sitt arbeid med å fremje befolkningas helse og livskvalitet. Folkehelseprogrammet, utvikla av kommunane, KS og Helse- og omsorgsdepartementet, skal bidra til å styrke kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid jamfør folkehelselova.

Programmet skal særskilt legge til rette for at kommunar utviklar og prøver nye tiltak, arbeidsmåtar og metodar i samarbeid med forskings- og kunnskapsmiljøa, med støtte frå fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune har vore ein del av folkehelseprogrammet sidan 2018, høvesvis gjennom dei tidlegare fylka Hordaland (2018–2024) og Sogn og Fjordane (2019–2025). Fylkeskommunen har i 2024 fått godkjend ein ny programperiode for 2024–2026, med ei budsjettert tilskotsramme på 27 mill. kroner.

Føremål

Folkehelseprogrammet skal:

  • særleg bidra til å integrere psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet
  • fremje lokalt rusførebyggande arbeid
  • ha barn og unge (0–24 år) som prioritert målgruppe
  • legge vekt på kunnskapsbasert utvikling og spreiing av tiltak blant anna for å styrke barn og unges tryggleik, meistring og bruk av eigne ressursar
  • hindre utanforskap ved å fremje tilhøyrsle, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet
  • legge til rette for samarbeid mellom aktørar innan blant anna helseteneste, skule og barnehage, politiet og frivillig sektor

Utviklingsarbeidet i kommunane skal ta utgangspunkt i lokale utfordringar og skal vere forankra i kommunale planar etter plan- og bygningslova i tråd med systematikken i folkehelselova. Eit overordna mål er at psykisk helse og førebyggande rusarbeid hjå barn og unge vert ein integrert del av folkehelsearbeidet i kommunane.

Folkehelseprogrammet i Vestland

«Samarbeid for betre trivsel, livsmeistring og livskvalitet for barn og unge i Vestland.»

Folkehelseprogrammet i Vestland skal støtte opp under det overordna målet med folkehelsearbeidet i fylket som er å bidra til eit langsiktig og systematisk arbeid som gir gode leveår, og som jamnar ut sosiale helseforskjellar. Dette skal skje gjennom å styrke tverrfagleg samarbeid og samskaping i kommunane og imellom kommunen, forskings- og kompetansemiljø og andre, og medverknad frå målgruppene. God forankring, økonomi og ressursar er elles naudsynte føresetnader i arbeidet.

I Vestland er folkehelseprogrammet eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og kommunane som tiltakseigar, forskings- og utviklingsmiljø, frivillig sektor og andre. Fylkeskommunen har ei regional samordningsrolle gjennom å:

  • Følgje opp programkommunar med rolla som støttespelar, nettverksbyggar og koordinator for utviklingsarbeidet i fylket.
  • Følgje opp søkjarkommunar med rolla å understøtte og hjelpe i søknadsutvikling og endeleg prosjektplan, samt etablere samarbeid med regionale FoU-miljø.

Fylkeskommunen står fagleg og økonomisk ansvarleg overfor Helsedirektoratet. Både fylkeskommunen og kommunane rapporterer årleg på mål og økonomi.

Hovudmål

Strukturert samarbeid kring trivsel, livsmeistring og livskvalitet for å inkludere alle barn og unge i barnehage, skule, arbeid og fritid. 

Delmål

  • Utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verktøy retta mot barn og unge.  
  • Innsats for psykisk helse og livskvalitet, og rusførebygging, skal være breitt forankra og integrert i kommunane, og gjort synleg gjennom regionale og kommunale dokument/planar. 
  • Kommunane får auka kunnskap og kompetanse om faktorar som fremjar god trivsel, livskvalitet og psykisk helse for barn og unge. 
  • Kommunane får auka kompetanse om helsefremjande arbeidsmetodar og tiltaksutvikling. 
  • Auka innsats for å involvere barn og unge i planlegging, utvikling og gjennomføring av tiltak. 
  • Auka medverknad frå befolkninga, og samarbeid mellom relevante aktørar i kommunen. 
  • Vidareutvikle samarbeid og samskaping mellom kommunane, kunnskaps- og forskingsmiljø og fylkeskommunen, og frivillig sektor, samt bruke etablerte nettverk og møteplassar der kunnskaps- og forskingsmiljø bidreg med kunnskapsbygging og samarbeid med kommunane.  
  • Erfaringar og kunnskap knytt til programmet skal delast internt i kommunen, og ut mot andre kommunar og aktuelle partar. Erfaringar frå tiltak som er avslutta eller i gang i programmet skal nyttast til læring og erfaringsutveksling, særskilt mot kommunar utan tiltak. 
  • Fylkeskommunens rolle som understøttar overfor kommunane skal styrkast, gjennom lærande nettverk, dialog, rettleiing og innspel, og som mediator imellom kommunane og forskingsmiljøa.