foto av anleggsmaskin
VIL REDUSERE KLIMAFOTAVTRYKKET: Avdeling for infrastruktur og veg vil kartleggje korleis Vestland fylkeskommune kan redusere klimafotavtrykket til fylkesvegane. Då er også moglege løysingar for å nå målet om lågutslepps-fylkesvegbygging på blokka. Foto: Silje Christine Alvsaker, Vestland fylkeskommune.

Stor skilnad på ambisiøst og umogleg

Miljøvennleg drift og vegbygging kostar. Heldigvis finst det ordningar som gjer det enklare å ta sats.

Når vi bygger ein veg, legg vi beslag på natur som ikkje er bygd på frå før. Klima er meir enn dyr, natur og utslepp frå bil. Vi må ha søkjelys på klima som heilskap. Mandatet er at produktet vårt ikkje skal øydelegge for noko anna. Klarar vi det?

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Rannveig Dahlsrud, ytre miljø-rådgjevar i Vestland fylkeskommune, stiller seg sjølv spørsmålet før ho svarar:

– Ja og nei. Nokon gonger er det greitt å legge beslag på areal for å balansere økonomien. For å kunne tilpasse er det viktig å sjå heile livsløpet til prosjektet. Det kan vere vanskeleg å velje riktig. Miljøtiltak må tilpassast. Det er stor skilnad på ambisiøst og umogleg.

Alle søknadar godkjente

Ytre miljø handlar om livsløpet til vegen. Det inneber støy, vibrasjonar, luftforureining, forureining av jord og vatn, natur, energiforbruk, materialval og avfallshandtering.

Avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for nærmare 450 vegprosjekt på fylkesvegane. No har avdelinga fått godkjent tre av tre innsende søknadar om klimasatsmidlar som Dahlsrud skal jobbe med. Midlane er klimasatstilskot frå Miljødirektoratet.

Verktøy til  å lage støypekant
Foto: Silje Christine Alvsaker, Vestland fylkeskommune

Klimasatsmidlar til avdeling for infrastruktur og veg

 

  • Lågutslepps fylkesvegbygging og -drifting: 225 000 kroner
  • Klimakrav i anskaffingar: 1 000 000 kroner
  • Steinhandtering i tunnelprosjektering: 350 000 kroner

– Hovudprosjektet med klimakrav i anskaffingar fekk éin million kroner. Kva krav kan vi stille, og kva sparar vi? Det kjem ikkje gratis å vere miljøvennleg, så vi vil finne ut kva som er drivarane hos oss, seier Dahlsrud.

Logo til FNs berekraftsmål 12

FNs berekraftsmål 12.7

Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa.

Kortreist stein

Eit av verktøya som fylkeskommunen har fått støtte til er SteinLCA. Verktøyet måler klima- og miljøbelastinga i vegprosjekt der stein vert tatt ut.

– Steinhandtering og gjenvinning av sprengstein er noko vi kjem til å sjå nærmare på i nokre vegprosjekt. Har vi ein plan for kva steinen kan brukast til, og veit vi kva kvalitet han har, kan vi kutte klimautslepp, seier Dahlsrud.

gutt med gul regnfrakk kaster liten stein i lufta
Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

Dette er SteinLCA

  • LCA er ei forkorting for Life Cycle Assessment.
  • Det er verktøyet i prosjektet «kortreist stein», der fylkeskommunen skal berekne miljøpåverking av steinmassar.
  • Verktøyet gjer det enklare å talfeste kva handtering av massane som gir minst klimagassutslepp.

Lågutsleppsbygging

I 2021 starta avdeling for infrastruktur og veg eit forprosjekt for å kartlegge korleis klimafotavtrykket til fylkesvegane kan reduserast. Her skal dei også kartlegge moglege løysingar for å nå målet om lågutslepps-fylkesvegbygging. 

Forprosjektet skal vurdere potensialet for reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslepp i ulike fasar og typar vegprosjekt. Ein rapport for forprosjektet er venta å vere klar innan tredje kvartal 2022.