Søk TT-kort

Informasjon om kven som kan søke TT-kort og korleis du går fram for å søke.

Kven kan søke om TT-kort?

  • Personar over 10 år som på grunn av funksjonsnedsetting ikkje kan bruke buss eller bybane.
  • Personar som har ei funksjonsnedsetting som truleg vil vare i minst 2 år.
  • Personar som er blinde, sterkt svaksynte eller avhengige av rullestol utandørs blir prioritert.

Korleis søkjer du?

Søknadsskjema til TT-kort (pdf)

Skjema som legen skal fylle ut (legeerklæring (pdf) 

Fullmakt 

Les personvernerklæringa

Begge skjema skal sendes inn til fylkeskommunen. Det er viktig at du forklarar kvifor du ikkje kan bruke offentleg transport. Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av legen din. Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av din lege. 

Du må laste opp legeerklæringa som eit vedlegg til det digitale søknadsskjemaet.

Kvoter for 2025

  1. Ordinær kvote: kr 5800
  2. Brukarar med særskild behov: kr 9860
  3. Blinde og rullestolbrukarar: kr 46 240 
  4. Elektrisk rullestolbrukarar: kr 48 560 
  5. I tillegg får brukarar som bur 20 km unna næraste servicesenter kr 1160 i tillegg.

Du får halvparten av kvota på kortet 1. januar og halvparten 1. juli. Ved godkjenning som brukar i løpet av året, vert kvota rekna frå den datoen du fekk vedtak om godkjenning.

Utvida kvote

Har funksjonsnedsettinga di endra seg etter at søknaden din blei godkjend, kan du søkje om utvida kvote. Dette gjeld viss du har blitt avhengig av rullestol eller spesialbil, eller om du har blitt blind eller sterkt svaksynt.

Sterkt svaksynte må ha ein visus på 0,33 eller lågare på begge augo. Det må dokumenterast frå augelege/spesialist, og leggjast ved søknaden.

Du kan sende inn søknad på tre ulike måter:

  • digitalt søknadsskjema 
  • eDialog
  • via posten

Digitalt søknadsskjema

Du kan bruke digitalt søknadsskjema ved å logge inn via ID-porten. Dine personopplysningar blir automatisk fylt ut. Du svarar på nokre spørsmål om helsetilstanden din og lastar opp legeerklæringa. Ved å bruke dette digitale søknadsskjemaet, mottar vi søknaden direkte i vårt saksbehandlingssystem. Dette er ein trygg måte å sende inn personopplysningar på.

eDialog

Når du har motteke legeerklæringa og fylt ut søknadsskjema (papirversjon) kan du scanne eller ta bilete og laste dei opp via tenesta eDialog. Du må logge inn via ID-porten for å bruke denne løysinga. Dette er en trygg måte å sende inn personopplysninger på.

Posten

Du kan signere og fylle ut søknadsskjemaet og legeerklæringsskjemaet, og sende det via posten. Denne innsendingsmåten vil ta lengre tid enn dei digitale alternativa. Send søknaden til:

Vestland fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Kven behandler søknaden?

Fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Er vi vi tvil, kan vi hente råd frå ei  legenemnd.

Du vil få melding om vedtaket i saka så snart vi har behandla ferdig søknaden.