Søk refusjon av drosjeutgifter til fritidsreiser i TT-ordninga
For å få refusjon av drosjereiser føreset det at:
- du har gyldig godkjenning i transportordninga ved reisetidspunktet
- du har dekning på TT-kortet ved reisetidspunktet
Du kan få refundert drosjereiser dersom:
- TT- kortet ikkje verkar
- du har mista kortet
- kortet er feilaktig sperra eller inaktivt
- drosjen ikkje får kontakt med TT-kortet på kortterminal
Du kan berre søke om du oppfyller kriteria over.
Dersom søknaden din om refusjon blir godkjend, får du overført turkostnaden minus eigendel på kr 30 til bankkontoen din. Du blir trekt tilsvarande sum frå TT-kontoen.
Frist for å sende inn søknadsskjema
Vi oppmodar deg til å sende inn søknadsskjema og kvitteringar så snart som mogleg etter reisetidspunktet, og seinast innan tre månader.
Slik søkjer du refusjon
Du kan søkje om refusjon av drosjeutgifter ved å laste ned skjemaet (sjå turkis boks på denne sida) og sende inn kopi av originalkvitteringane.
Du kan sende inn kvitteringane i vanleg post. Hugs å oppgje namn og adresse, TT-kortnummer og bankkontonummeret ditt.
Send det til:
LokalTaxi Vestland AS
Postboks 1
6861 Leikanger
Merk konvolutten TT-kvittering.
Du kan òg ta bilete av kvitteringane og sende på e-post til tt@lokaltaxivestland.no