Nasjonal oversikt over drosje- og ruteløyve
Dersom du treng oversikt over alle løyvenummer/løyvehavare i eit fylke eller heile Noreg, eller du har eit løyvenummer som du ønsker å vite eigaren på, kan du søkje i det nasjonale løyveregisteret for drosje- og ruteløyve.
Der finn du også mellom anna:
- statistikk over utferda drosjeløyver pr. fylke/år/månad
- tal drosjeløyve pr. fylke
- oversikt over drosjeløyve som har dispensasjon frå taksameter, merking og taklampe
- oversikt over drosjeløyve som har dispensasjon frå miljøkrava
- oversikt over alle godkjende drosjesentralar
- oversikt over alle føretak som har fått dispensasjon frå drosjeløyve
- oversikt over fylkeskryssande ruteløyve
- informasjon om løyvehavars garantist
Informasjon hentast direkte frå den nasjonale løyvedatabasen, og blir oppdatert fortløpande når fylkeskommunane gjer nokon endringar der.