Løyve for transport av funksjonshemma

Det er ikkje lenger mogeleg å søkje om løyvekategorien transport av funksjonshemma.

Dei som allereie har denne løyvekategorien har ein overgangstid før dei må endre til drosje- eller turvognløyve. Overgangstida gjeld fram til 1. november 2025 for bil med 10 -17 sete.

Innan den datoen må føretaket ha søkt og fått innvilga drosje- eller turvognløyve.

Skal du behalde din bil med 10 - 17 sete må du søkje turvognløyve hos Statens vegvesen.

Skal du byte til bil med inntil 9 sete må du søkje om drosjeløyve