Einerettar i Vestland fylke

I det nye yrkestransportregelverket har fylkeskommunen fått heimel til å innføre einerettar i kommunane i Vestland.

Kva betyr det?

Ein einerett vil gje løyvehavaren eksklusiv rett til tilby drosjetenester i eit fast definert område. Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden. Vilkåra for å innføre einerett følgjer av yrkestransportlova § 9 bokstav b).

Avgjerda om bruk av einerett må bli fastset i forskrift.

Fylkeskommunen vil kontinuerleg vurdere drosjetilbodet i fylket, og vurdere å innføre einerett dersom drosjetilbodet i eit område ikkje er tilfredsstillande. Forslag til innføring av einerett vil bli sendt på høyring til den aktuelle kommunen og næringa. Dersom forskrift om einerett vert innført, vil einerettskontrakten bli lyst ut ut i samsvar med reglane i anskaffingsregelverket.  

Ingen einerett i dag

Det ikkje innført einerett i noko kommune i Vestland. Alle einerettar som blir innført vil bli publisert på denne sida.