Regional vassforvaltningsplan 2028-2033 for Vestland vassregion

Vassforvaltningsplanen skal oppdaterast for planperioden 2028-2033. Planprogram og dokument om dei viktigaste utfordringane for vassmiljøet i Vestland er no vedtekne.

Det er den gjeldande vassforvaltningsplanen for 2022-2027 som skal oppdaterast for planperioden 2028-2033. Formålet til planen er å sikre ei heilskapleg og samordna forvalting av vassmiljøet, der alle sektorstyresmakter (statlege, regionale og kommunale) bidreg for å oppnå målet om god miljøtilstand i alt vatn.

Planprogram

Planprogrammet legg premissane for arbeidet med ny regional plan for vassforvalting med tiltaksprogram og handlingsprogram, samt framdriftsplan. Planprogram for oppdatering av gjeldande vassforvaltningsplan til 2028-2033 var på høyring perioden 1. januar til 30. juni 2025. Dokumentet er oppdatert på grunnlag av innkomne høyringsinnspel. Vestland vassregionutval slutta seg til planprogrammet 17.10.25. Dokumentet er etter dette vedteke politisk av fylka med areal i vassregionen.

Hovudutfordringar i Vestland

Dokumentet "Hovudutfordringar i Vestland vassregion" var på høyring i same periode. Dokumentet er oppdatert på grunnlag av innkomne høyringsinnspel. Vestland vassregionutval slutta seg til Hovudutfordringar i Vestland vassregion 17.10.25. Dokumentet er etter dette vedteke politisk av fylka med areal i vassregionen.

Om dokumentet

Dokumentet ser på kva utfordringar som gjeld for Vestland vassregion no og framover. Dette er utfordringar som skal setjast på dagsordenen og arbeidast vidare med fram mot oppdatert forvaltingsplan og tiltaksprogram. 
 
Dokumentet skal brukast til å skape brei medverknad, deltaking og forankring av arbeidet med utfordringar i god tid før ny utgåve av forvaltingsplan og tiltaksprogram blir sendt på høyring 1. november 2026.

Les høyringsinnspela

Det kom inn 38 høyringsinnspel til forslag til planprogram og hovudutfordringsdokument. Du finn innspela på vannportalen.no