Innføringskurs

Tilbodet Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram

Kvifor ta innføringskurset?

Her får du som elev opplæring som skal førebu deg på innhald og nivået på første året i vidaregåande skule (Vg1). Det blir lagt stor vekt på å styrkje kompetansen i norsk gjennom alle fag.

Innføringstilbodet skal gjere det enklare for deg å følgje opplæringa i Vg1, og det vil passe både for deg som har planar om å starte på ei studieførebuande og for deg som ønskjer å gå på ei yrkesfagleg utdanning, året etter.

Elevar som går i innføringstilbodet, har fulle rettar etter opplæringslova, og kan søkje om plass på Vg1 neste år på lik linje med andre elevar.

Slik søkjer du

Reister søknad på Vigo.no

  • Vel utdanningsprogram "Førebuande kurs for minoritetsspråklege"
  • Vel "uspesifisert skule"
  • Fyll ut digitalt vedleggskjema og last opp nødvendig dokumentasjon.

Kven kan søkje?

Føresetnaden for inntak er at du har grunnopplæring frå heimlandet eller vitnemål frå norsk grunnskule.