To jenter som klemmer.
Foto: Katrina Børve.

USA

Vil du oppleve high school, skuleball, amerikansk fotball, cheerleading og Thanksgiving? Då er eitt år på Saint Paul Lutheran High School i Missouri noko for deg.

Årstal
2026

Bli med på informasjonsmøte!

Onsdag 5. november kl. 18.00 inviterer vi til eit digitalt informasjonsmøte om utveksling i USA. På møte vil du få informasjon om sjølve ordninga, søknad og kostnadar.

Gå til møtet her

Sidan 1998 har elevar frå Vestland dratt på utveksling til samarbeidsskulen vår Saint Paul Lutheran High School i Missouri. Sidan då har skulen hatt ein klasse i USA kvart år.

Skulen ligg om lag éin time frå Kansas City i den vesle byen Concordia. På skulen møter du elevar frå heile verda og du bur på internat på skulen. Her kan du få venar for livet!

Ser dette kjekt ut?

Finn ut meir om korleis du bur, kva fag du kan ta og korleis du søker ved å klikke på lenka. Det er Kvam vidaregåande skule som koordinerer dette tilbodet.

Les meir her

Lurar du på noko?

Ta kontakt med Linn Haugsland Ur, internasjonal koordinator for utveksling i USA på Kvam vgs.

Du søkjer på vigo.no.

Du finn skjemaet (og meir informasjon om tilbodet) på nettsida til dei ulike skulane.

Vi har fire koordinatorskular som har ansvar for kvart sitt land. Dei fire skulane er Voss gymnas (Frankrike), Askøy vgs. (Tyskland), Nordahl Grieg vgs. (Wales) og Kvam vgs. (USA).

Koordinatorskulane står for kontakten med samarbeidsskulane i utlandet og oppfølginga gjennom skuleåret. 

Elevane som er i utlandet er heile tida registrert som elev ved koordinatorskulen og har derfor dei same rettane som elevar som blir i Noreg.

Samarbeidsskulane har også kontaktlærar som har den daglege oppfølginga av elevane, og som dei kan snakke med dersom dei får problem.

Utveksling gir same rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar – og reisestipend frå Statens Lånekasse. Dette dekker i hovudsak dei fleste utgiftene til kost, losji og heimreiser.

Dei som søker seg til Cardiff, Wales, må rekne med å dekke ein del av bukostnadane og utgifter til visum, ekstra helseforsikring og språktest (visum, forsikring og språktest er krav i samband med Brexit).

Du kan lese meir om dette på Lånekassen si nettside.

Koordinatorskulen hjelper deg med å velje fag som gjer at skuleåret blir godkjent.

I tillegg vil koordinatorskulen gi deg undervisning i norsk. Dette vil anten vere som fjernundervisning eller i form av undervisningsdagar når du kjem tilbake etter skuleåret er slutt.

Du søker deg vidare til Vg3 på vanleg måte før 1. mars på vigo.no.

Du vil som hovudregel få plass ved same skule som du gjekk Vg1, dersom du sjølv ønsker det. Elevar som tar Vg2 heime i Vestland vil ha førerett til inntak ved same skule i Vg3. Det kan derfor hende at det vil bli for mange søkarar i høve til plassar på nokre få skular i bergensområdet.