Eksamen for elevar

Våren 2026 vil eksamenstrekket bli offentlegjort tysdag 28. april kl. 9. Alle elevar vil då sjå kva eksamenar dei skal ha i InSchool.

Datoar for skriftleg eksamen finn du i eksamensplanen til Utdanningsdirektoratet.

Munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar blir som hovudregel arrangert etter skriftleg eksamen.

 

Dersom du ikkje kan møte til eksamen på grunn av sjukdom eller andre uføresette forhold du ikkje rår over, har du rett til utsett eksamen i neste semester.

Du må levere dokumentasjon til skulen, til dømes legeerklæring.

Dersom du ikkje møter til utsett eksamen, mistar du standpunktkarakteren i faget og må ta faget på nytt.

Dersom du får karakteren 1 på ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i neste eksamensperiode.

Dersom du:

  • ikkje møter til ny eksamen, eller
  • får karakteren 1 også på ny eksamen

mister du standpunktkarakteren i faget og må ta faget på nytt.

Dersom du får 1 i standpunktkarakter i eit fag, har du rett til særskild eksamen i neste eksamensperiode.

Dersom du består denne eksamenen, er faget bestått.