Tenåringars tannhelse: Korleis utviklar karies seg frå 12 til 18 års alder – og endrar utviklinga seg over årskull?

En omfattande studie frå Trøndelag har undersøkt korleis karies utviklar seg hos ungdom i alderen 12 til 18 år. Over 23 000 ungdommar født mellom 1996 og 2002 ble følgt gjennom den offentlege tannhelsetenesta.

Forskarane så spesielt på to typar karies: emaljekaries og djupare karies
som når inn til tannbeinet (dentin), inkludert tenner som er fylt eller
trekt. I gjennomsnitt utvikla ungdommane litt over tre nye emalje-karies og
2,5 djupare karies i løpet av perioden.

Sjølv om det var en svak nedgang i kariesutvikling over årskulla, var forskjellane mellom enkeltpersonar langt større. Ungdom som allereie hadde karies som 12-åringer, hadde en betydeleg høgare risiko for å utvikle fleire karies lesjonar seinare.

Forbetring i tannhelse over årskull blei berre observert blant dei med lav eller
moderat karieserfaring i utgangspunktet. Dette indikerer aukande
forskjellar i tannhelse blant norske ungdommar. Tidleg innsats og
målretta førebygging kan være avgjerande for å redusere slike
forskjellar og forbetre tannhelsa blant ungdom.

Les artikkelen her

Artikkelforfattarar: Hedda Høvik, Knut Helge Midtbø Jensen, Torunn Børsting, Randi Krog Eftedal, Göran Dahllöf, Bjørnar Hafell, Tone Natland Fagerhaug, Eva Lassemo, Marikken Høiseth, Abhijit Sen og Marit Skeie.