Faktorar som hindrar tannhelsepersonell i å melda frå ved mistanke om vald og overgrep

Denne kartleggings studien peikar på sentrale barrierar som tannhelsepersonell i ulike land møter når dei skal melde frå om mistenkte tilfelle av vald, overgrep og vanskjøtsel av barn.

Identifiserte barrierar inkluderer diagnostisk uvisse, mangel på kunnskap og frykt for konsekvensar. Alarmerande nok unnlèt ein betydeleg del av tannhelsepersonell å melde frå om mistenkte tilfelle, noko som bidreg til underrapportering. Denne svikten hindrar ikkje berre avdekking, men gjer at mishandlinga kan halde fram og forsterkar skade på sårbare barn. Det er avgjerande å ta tak i desse barrierane for å sikre at tannhelsepersonell er rusta til å oppfylle si rolle og si opplysningsplikt. Framtidig forsking bør fokusere på å tette kunnskapsgap, utvide geografisk representasjon og standardisere melderutinar for å skape eit meir robust og responsivt meldesystem.

 

Les artikkelen her

Artikkelforfattarar: Eline Hokstad, Anca Virtej og Ingfrid Vaksdal Brattabø