Bustadanalyse i Vestland

Som ein lekk i eit større arbeid med bustadsanalysar tilbyd Vestland fylkeskommune nokre enkle bustadbehovsanalysar basert på prognoseverktøyet PANDA-modellen.

Bustadtemaet grip inn i dei fleste delar av samfunnsplanlegginga. Regjeringa ynskjer at fylkeskommunen utarbeider regionale bustadbehovsanalyser, basert på kunnskap om befolkningsutvikling og bustadmarknad. Føremålet er å bidra til tilstrekkeleg og variert bustadsbygging i eit regionalt perspektiv. 

Kart med bustadsoversikt

Vi har utarbeida eit kart som viser alle bustadeiningar i Vestland fylke. I kartet er det mogleg å legge på ulike filter, slik at ein får oversikt over kva bustadar som ligg innanfor ein definert avstand til ulike tenester (daglegvare, busshaldeplass, og skule).

Kommunevise framskrivingar

Vi presenterer her kommunevise framskrivingar av etterspurnad av bustader i ulike storleikssegment for ulike år fram til 2050. I tillegg syner vi etterspurnaden brote ned på ulike aldersegment (alder på bebuarane) som saman med befolkningsprognose kan vere med å forklare endringane i etterspurnad. 

Analysane er meinte som ein tilleggsinformasjon som kommunane i Vestland kan nytte i sitt eige arbeid med bustadbehovsanalysar og samfunnsplanlegginga ellers. 

Analysane var første gong presentert på plankonferansen 2025. 

PANDA-modellen i korte trekk

Panda-modellen er eit økonomisk-demografisk modellsystem som nyttast til regionale analysar og framskrivingar.

Bustadmodulen vart lansert i 2025 og gjev ut framskrivingar av bustadsetterspurnad for enkeltkommunar basert på forventa demografisk utvikling. Etterspurnaden vert driven av befolkningsutviklinga og befolkninga sine preferansar for ulike bustadtypar.

Etterspurnaden er uttrykt i buareal (kvadratmeter) uavhengig av bustadtype (einebustad, rekkjehus, leiligheit).

Preferansane uttrykker faktisk hushaldsmønster i basisåret der pris, faktisk tilgang på bustader og andre faktorar spelar inn og er soleis ikkje noko bilete på folks "sanne" preferansar.

Tala gjev grunnlag for refleksjon rundt føresetnadene for bustadpreferansane og korleis dei vil påverke framtidig bustadmønster.

Detaljert skildring av og resultat frå analysen har vi samla i eit excel-ark.
Du finn det øverst i højre hjørne i kartvisninga (arcgis)