Vestland har fått sitt første sett med berekraftsindikatorar
Indikatorsettet kan brukast av kommunar, private aktørar, lag og organisasjonar.
For å måle om vestlandssamfunnet er på rett veg i arbeidet med utviklingsplanen, har vi utvikla eitt dashboard med berekraftsindikatorar .
Dei vert vist både kommunevis, og fylket samla og landet.
- Vi håper både folk i fylkeskommunen, kommunar og samfunnslivet generelt vil ta det i bruk, for å gi ei felles ramme for dialog om berekraftig utvikling, seier seksjonsleiar May-Britt Nesje Hernes for seksjon plan, klima og analyse.
Det er òg eit håp at fokuset på dei lokale og regionale indikatorane vil styrke arbeidet med berekraftig samfunnsutvikling lokalt og regionalt. Desse felles indikatorane kan bidra til at samtalane om berekraftig utvikling vert meir konkret, og dermed lettare å snakke om.
Har du spørsmål eller innspel til dette arbeidet? Ta gjerne kontakt med Marthe Rosenvinge.
Byggjar på arbeid med KS, SSB og Menon
Arbeidet har gått føre seg hausten 2024/våren 2025, og byggjer på eit samarbeid i det nasjonale bærekraftsnettverket som er leia av KS (Bærekraftsnettverket - Hjem).
Med bakgrunn i arbeid frå SSB og Menon, har ei arbeidsgruppe sett saman eit indikatorsett. Vestland fylkeskommune har i tillegg valt å leggje til nokre fleire indikatorar for å synleggjere det som er vurdert som viktig i Vestland i eit regionalt perspektiv.
Indikatorsettet er ikkje ein fasit, eller ei fast ramme på korleis kommunar eller fylkeskommunen scorar på dei 17 berekraftsmåla til FN. Det viser eit bilete av situasjonen ut frå dei best eigna indikatorane som er tilgjengeleg per dags dato. Målsettinga er å kunne seie i kva grad vestlandssamfunnet ut frå nokre utvalde parameter kan vurderast å vere på veg for å oppnå målsettinga om ei berekraftig utvikling, jf FN sine berekraftsmål.
Undervegs i utviklinga har det vært tett dialog med regionale aktørar i Berekraftsløftet Vestland; KS, LUP, NHO og LO.
Du kan lese meir om valga vi har teke i undervegs i dette notatet: Dokumentasjon av valg i prosessen 2025 (PDF)