Klagenemnda

Klagenemnda tek avgjerd i saker om klage på enkeltvedtak treft av fylkeskommunalt organ oppretta i medhald av kommunelova, med unntak av fylkestinget.

Departementet er klageinstans for vedtak treft av fylkestinget.

Klagenemnda tek òg avgjerd i andre saker der det i lov eller forskrift er fastsett at fylkeskommunen eller fylkeskommunalt organ er klageinstans, og fylkestinget ikkje har lagt mynde til andre.

Klagenemnda har sju medlemer:

  • Christer Lilleskare Olsen, H – leiar
  • Torunn Hole Olsnes, SV – nestleiar
  • Stig Morten Frøyland, A
  • Kåre Spissøy, MDG
  • Hildegun Kvamme Skare, FNB
  • Alf Terje Mortensen, Frp
  • Karoline Bjerkeset, Sp