Høyring: Tenestestruktur - Vestland tannhelseteneste 2026 - 2036
Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har lagt administrasjonen sitt forslag til ny tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste ut på høyring. Høyringsperioden er over.
Høyringsperioden for tenestestrukturen er over (21.10 - 16.12 2025). Om du vil sjå innspela som er kome inn, kan du gå til denne nettsida.
Under kan du lese kva vi var spesielt interessert i å få tilbakemelding på i høve ny tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste:
For at ny tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste skal kunne ivareta både befolkningsansvaret og gruppeansvaret, er det viktig at vi får innspel frå alle som har interesse for planen og som planen betyr noko for. Det kan til dømes vere kommunar, brukar- og interesseorganisasjonar og foreiningar.
I høyringsrunden er det spesielt fem hovudutfordringar vi vil ha innspel på:
- Korleis legg forslag til ny tenestruktur til rette for at folk som bur i Vestland fylke kan få kompetanse på å ta vare på eigen tann- og munnhelse gjennom heile livet?
- Korleis legg forslag til ny tenestestruktur til rette for at tannklinikkane i Vestland tannhelseteneste kan ha solide fagmiljø og vere ein attraktiv og konkurransedyktig arbeidsplass?
- Korleis legg forslag til ny tenestestruktur til rette for at Vestland tannhelseteneste skal kunne bidra inn i ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon innanfor tannhelsetenesta?
- Korleis legg forslag til ny tenestestruktur til rette for at pasientane i Vestland tannhelseteneste skal få likeverdige, nødvendige og trygge tenester av god kvalitet?
- Korleis vil den føreslåtte klinikkstrukturen bidra til at Vestland tannhelseteneste får ei berekraftig organisering som sørgjer for at tannhelsetenester i rimeleg grad er tilgjengeleg for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i Vestland fylke?
Kva skjer med høyringsinnspela?
Alle høyringsinnspel til forslag til ny tenestestruktur blir arkivert og journalført. Fem til ti dagar etter innsending, vil dei ligge tilgjengeleg her. Innspela vil følge med i den politiske behandlinga av ny tenestestruktur i Vestland tannhelseteneste.
Kven er høyringspart?
Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har vedtatt (21.10.2025) å sende administrasjonen sitt forslag til ny tenestestruktur på høyring til alle kommunene i Vestland fylke. I tillegg til dette, kan alle som elles vil kome med innspel til planen gjere det.
Praktiske opplysningar
Høyringsperioden var frå 21. oktober til 16. desember 2025.
Tenestestrukturen skal behandlast politisk i fylkesutvalet 17. mars og i fylkestinget 24. og 25. mars 2026.