Høyring: Endringar i skulereglar for Vestland fylkeskommune

Forskrifta om skulereglar for Vestland fylkeskommune er revidert. Forslaget til endringar er no ute til høyring, og fristen for å sende høyringsinnspel er 24. april 2026.

Då fylkestinget vedtok forskrifta i juni 2024, vedtok dei samstundes at ho skulle reviderast etter å ha vore i kraft eitt år. No er forskrifta revidert, og forslaget ny forskriftstekst er ute på høyring, før endeleg vedtak i fylkestinget i juni i år. 

Rektorane på dei vidaregåande skulene har i forkant av høyringa fått høve til å kome med innspel til evalueringa av skulereglane. Føremålet har vore å undersøkje korleis reglane har fungert og å fange opp behova for endring. Det har kome svar frå totalt 19 skular, og tilbakemeldingane er i all hovudsak positive. Det er ikkje signalisert behov for større endringar på dette tidspunkt.

Om høyringa

Høyringsperioden er på seks veker, og planen er at den reviderte forskrifta skal vere klare til semesterstart hausten 2026. For å sikre medverknad inviterer Vestland fylkeskommune særskilt skulane ved elevråda og elev- og lærlingeomboda til å kome med høyringsinnspel. Høyringsforslaget vil også bli lagt fram for medverknadsorgana i fylkeskommunen. 

Høyringsdokument

Vegen vidare

Etter høyringsperioden er det planlagt slik politisk behandling:

  • 8. april: behandling i Vestland ungdomsutval
  • 8. mai: behandling i hovudutval for opplæring og kompetanse
  • 2.–3. juni: behandling i fylkesutvalet
  • 16.–17. juni: endeleg vedtak i fylkestinget