Språk og klarspråk i Vestland fylkeskommune

Verdiane til Vestland fylkeskommune – kompetent, open og modig – skal prege kommunikasjonen vi har med innbyggjarane.

Vi skal skrive klare, presise og lett forståelege tekstar på god og lett forståeleg nynorsk.

Språkprofil for Vestland fylkeskommune

For å få til dette, har vi laga ein språkprofil som hjelpemiddel. Denne skal gje nyttige reiskapar og gode råd på vegen mot betre tekstar. Språkprofilen er delt i tre:

Skriveråd – vi skriv klart

Denne delen handlar i stor grad om klarspråk, aktivt språk, og korleis vi skriv gode og klare tekster.

Skrivereglar – vi skriv rett

Her handlar det om rettskriving.

Råd for ulike typar tekstar

Her er det tips og råd for korleis skrive brev og vedtak, politiske saker, e-post, strategiar og planar og nett-tekstar

Språkprofil for Vestland fylkeskommune (pdf).

Overordna retningslinjer for språkbruk i Vestland fylkeskommune

Dei overordna retningslinjene om språk tek utgangspunkt i språklova. Det er klare og konkrete retningslinjer som skal gjere det lettare for tilsette både å følgje og bruke språklova. Det handlar om språket i tenestene våre, og om ansvaret, pliktene og rettane fylkeskommunen har etter språklova. 

Overordna retningslinjer for språkbruk i Vestland fylkeskommune (pdf).

Fylkestinget vedtok dei overordna retningslinjene i desember 2023.