Vestland tok 12 medaljar i skule-NM
Elevar frå Vestland markerte seg sterkt i skule-NM 2026. Fylket enda med 12 medaljar: fem gull, fire sølv og tre bronse.
Medaljevinnarar frå Vestland
Gull
- Bakarfaget: Øystein Sletbakke, Sandsli vidaregåande skule
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget: Oda Sofie Lilletveit og Charlotte Hopsdal Kristoffersen, Knarvik vidaregåande skule
- Hudpleiefaget: Amanda V. Skjerping, Årstad vidaregåande skule
- Kokkefaget: Sara Christense Knapstad, Voss vidaregåande skule
- Logistikkfaget: Elise Strømme-Storheim og Arian Larsen, Knarvik vidaregåande skule
Sølv
- Automatisering: Ole Saunes og Kristian Blauth Skare, Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule
- Blomsterdekoratørfaget: Tiril Isvik Reitan, Årstad vidaregåande skule
- Elektrikarfaget: Lars Søreide Restad og Didar Yaekob, Slåtthaug vidaregåande skule
- Tømrarfaget: Jonas Strand, Måløy vidaregåande skule
Bronse
- Kjemiprosess- og laboratoriefaget: Jens Nese Jørstad og Jørgen Kaldestad, Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule
- Logistikkfaget: Emil Rønning Kvamme og Fredric Nordvik, Åsane vidaregåande skule
- Sveisefaget: Magnus Løkkebø, Førde vidaregåande skule
– Dette er resultat vi kan vere svært stolte av. Elevane viser kor mykje kunnskap, øving og presisjon som ligg i yrkesfaga. Dei har førebudd seg godt, levert under press og vist stor yrkesfagleg stoltheit, seier Hege Beate Haatuft Hagen, fylkeskoordinator for skule-NM i Vestland fylkeskommune.
Medaljane kom i eit breitt spenn av yrkesfag, frå bakarfag, kokkefag og hudpleie til elektrofag, byggfag, logistikk og industrifag. Resultata viser både fagleg kvalitet og stor yrkesfagleg stoltheit.
Vestland tok gull i fem fag
Øystein Sletbakke frå Sandsli vidaregåande skule vann bakarfaget. Sara Christense Knapstad frå Voss vidaregåande skule gjekk heilt til topps i kokkefaget, medan Amanda V. Skjerping frå Årstad vidaregåande skule vann hudpleiefaget.
Knarvik vidaregåande skule fekk to gull. Oda Sofie Lilletveit og Charlotte Hopsdal Kristoffersen vann barne- og ungdomsarbeidarfaget, medan Elise Strømme-Storheim og Arian Larsen vann logistikkfaget.
Bygde stoltheit rundt yrkesfaga
Vestland var også vertskap for fleire av finalane i årets skule-NM. Årstad vidaregåande skule arrangerte finalar i fem fag: hudpleiefaget, frisørfaget, blomsterdekoratørfaget, interiørdesignarfaget og eksponeringsdesignarfaget. Åsane vidaregåande skule var vertskap for finalane i logistikkfaget.
Ved Årstad var elevar med på å skape ramma rundt meisterskapen. Elevar frå frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign bidrog med dekor, praktisk arbeid og førebuingar. Slik fekk fleire elevar vise fram faget sitt, også utanfor sjølve konkurransane.
Ei god øving før eksamen
Skule-NM er ein nasjonal konkurranse for elevar som går yrkesfag i vidaregåande skule. Her får elevane vise kva dei kan, konkurrere med andre elevar og skape interesse for yrkesfaga. Det er WorldSkills Norway som arrangerer skule-NM saman med fylkeskommunane.
Konkurransen handlar ikkje berre om medaljar. Han handlar også om meistring, fagleg utvikling og stoltheit over praktiske ferdigheiter.
Rammene i konkurransen liknar mykje av det elevane møter i praktisk eksamen. Dei får ei fagleg oppgåve, må planleggje arbeidet, halde tidsfristar og levere med høg kvalitet.
– Skule-NM er ein viktig arena for meistring. Konkurransane gir elevane verdifull erfaring, og kan motivere fleire til å bli med neste år, seier Haatuft Hagen.
Slik blir skule-NM ei god øving fram mot eksamen og læretid.