Vestland satsar 2,3 milliardar kroner på skulebygg

Fylkestinget har vedtatt fire prosjekt i Bergen og Måløy som skal gi elevar og studentar betre lokale, betre inneklima og meir tenlege læringsmiljø.

luftfoto av fagskulen i Vestland.
SATSING: Fylkestinget vedtok mellom anna prosjekt på både Laksevåg og Bergen maritime vgs. og Fagskulen Vestland. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

– Vestland fylkeskommune satsar på ungdommane i fylket. Dei skal ha gode rammer for læring, utvikling og meistring, anten dei går på vidaregåande skule eller tek fagskuleutdanning. Med desse prosjekta legg vi til rette for moderne og tenlege læringsmiljø for elevane og studentane våre, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Dei fire prosjekta er del av eit større arbeid for å utvikle skular og studiestader i Vestland. Samla vil fylkeskommunen bruke om lag 2,3 milliardar kroner på prosjekta.

Planane omfattar både oppgradering, ombygging, utviding og nybygg. Målet er betre lokale for undervisning og læring, men også betre inneklima, gode sosiale møteplassar og ein betre kvardag for elevar, studentar og tilsette.

Fagskulen Vestland i Bergen skal samlast

Fagskulen Vestland i Bergen er i dag spreidd på fleire stader. No går fylkeskommunen vidare med planane for eit nytt samlande bygg på 12 350 kvadratmeter.

Det blir arbeidd vidare med to alternativ. Det eine er ei løysing på tomta til C-bygget ved Årstad vidaregåande skule, i samarbeid med Bergen kommune og Vestland idrettskrets. Det andre er ei løysing på Kronstad, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Fylkestinget har samtidig peika på at det er viktig å sikre at eit nytt bygg kan stå klart innan fristen for når Fagskulen må ut av lokala på Nordnes ved utgangen av 2032. Dei ber også om at fylkesdirektøren greier ut om det er tenleg å auke verkstadkapasiteten på Årstad vidaregåande skule, særleg dersom Fagskulen ikkje blir lagt dit.

Laksevåg og Bergen maritime skal utviklast på Nygård

På Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule er planen å kombinere eksisterande bygg på Nygård med eit samankopla nybygg nord for skulen. Det samla arealet er 11 700 kvadratmeter.

For å gjennomføre prosjektet må det lagast reguleringsplan. Fylkestinget peikar også på at ei så sentral tomt i Bergen bør utnyttast best mogleg, slik at det kan vere rom for å utvide skulen seinare.

I tillegg ber fylkestinget om at det blir kartlagt arealbehov for eit tilbod til ungdom som har dokumentert behov for eit alternativ til ordinær vidaregåande opplæring. Det skal også vurderast om eit slikt tilbod kan få plass i nybygget.

Slåtthaug skal få meir plass

På Slåtthaug vidaregåande skule vil fylkeskommunen bruke eksisterande bygg vidare og byggje til der det trengst. Det samla arealet er 11 900 kvadratmeter.

Prosjektet kan delast i to byggjetrinn dersom delar av ombygginga eller utvidinga krev regulering. Målet er meir tenlege, oppgraderte og noko utvida lokale for skulen.

Måløy får samla løysing

I Måløy skal vidaregåande skule og Fagskulen si eining få utvikla meir samla og tenlege lokale. Prosjektet omfattar rehabilitering og ombygging av A-bygget, arealutviding ved D-bygget og ny akvahall. Det samla arealet er 3228 kvadratmeter.

Prosjektet skal gjennomførast som to separate totalentreprisar. Den første omfattar D-bygget og ny akvahall, medan den andre omfattar rehabilitering og ombygging av A-bygget.

Fylkestinget viser også til innspel frå fagskulestyret og ber om at det blir arbeidd vidare med å møte behova til fagskulen. I det vidare arbeidet skal fagskulen vere godt involvert.

Medverknad blir viktig vidare

Fylkestinget ber om at Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, og eller samarbeid med brukarrepresentantar, blir trekt inn i det vidare arbeidet med alle prosjekta.

Det skal bidra til gode løysingar for fleire og sikre at medverknad blir ein del av utviklinga av skular og studiestader i Vestland.