Vestland går i bresjen for omstillinga av næringslivet
Onsdag 2. september inviterer Vestland fylkeskommune til nylansering av Grøn region Vestland. Frå no av er dette merkelappen på fylkeskommunen sitt arbeid med samordning av berekraftig omstilling i næringsliv og industri.
– Vestland har viljen og krafta som skal til for å lukkast med neste fase i berekraftig omstilling. Vi har leiartrøya, og dette forplikar. Velkomen til startskotet for neste etappe, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Samlar krefter og mobiliserer
Den berekraftige omstillinga krev at næring, industri, forsking, investorar og det offentlege samarbeider mot felles mål. Grøn region Vestland starta som eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg i 2022 og fram til 2025. Fylkestinget har no vedtatt at Grøn region Vestland skal vere merkelappen for fylkeskommunen sin samordna innsats for berekraftig omstilling av næringslivet i fylket dei kommande åra.
Vestland fylkeskommune samlar no desse initiativa som del av Grøn region Vestland: Klimapartnarar Vestland, Dei sirkulære hubbane, Invest in Vestland, Styrka Marin Innsats og One Ocean Havbyen Bergen. Saman skal dei mobilisere næringslivet, kople kompetanse og kapital, og leggje til rette for nye berekraftige verdikjeder, investeringar og arbeidsplassar i Vestland.
Dei sirkulære hubbane skal framleis vere motoren og ha ei koordinerande rolle i arbeidet.
Møteplass
Du som går i bresjen for det framtidsretta næringslivet i Vestland er velkomen til lanseringsarrangementet i Bergen 2. september. Der samlast dei fremste stemmene frå næringsliv, industri, politikk og forsking.
På nylanseringa på Grand Hotel Terminus får du oppleve inspirerande innlegg, konkrete eksempel frå industri og næring, og høve til å møte aktørane bak satsingane og byggje nye relasjonar.
På scena møter du mellom anna fylkesordførar Jon Askeland, regionsdirektør Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg, berekraftsprofessorane Jørgensen og Pedersen frå NHH, Johan Odvar Odfjell frå Farvatn Venture og Camilla Skjesbæk Gramstad leiar for Samfunnsoppdraget for sirkulærøkonomi.
Vil du vite meir?
Les meir informasjon om programmet for lanseringsarrangementet av Grøn region Vestland