Vestland fylkeskommune ber kommunane ta kulturansvar
– Alle kommunane må ta sin del av ansvaret for kulturfeltet og ikkje gjere det til ein salderingspost, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet vedtok i møtet 16. april å sende ei fråsegn om dette til alle kommunestyra i fylket. Du kan lese heile fråsegna nedst i saka.
Målretta kultursatsing
– Vestland fylkeskommune satsar målretta på kultur, idrett og inkludering, og vi har auka budsjettrammene til sektoren vesentleg dei åra fylket har eksistert. Samstundes omstiller og effektiviserer vi. Ambisjonen vår er å ta ei tydeleg rolle som det leiande kulturfylket i landet, seier Nødseth.
Å løfte aktørar i kulturlivet er eit felles ansvar for staten, fylkeskommunen, kommunane, private bidragsytarar, stiftingar og andre.
Kultur byggjer samfunn
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering hadde i fjor haust ei budsjetthøyring for aktørar på feltet. Tilbakemeldinga frå fleire var at mindre økonomisk støtte frå kommunane, gjer at dei i større grad søkjer fylkeskommunen for å sikre vidare drift.
– Dersom kommunane kuttar, kan det også påverke det fylkeskommunale bidraget. Det kan gå utover heile samfinansieringsmodellen, som går ut på at fleire partar støttar dei same kulturaktørane eller -institusjonane. Vi oppmodar difor kommunane til å ikkje redusere kulturbudsjetta. Dei bør heller sjå korleis det utvida kulturfeltet byggjer samfunn i stort og smått og er god samfunnsøkonomi, slår Nødseth fast.
Verdien av kultur
Eit aktivt kulturliv kan verke positivt for kommunar på ulike måtar. Det kan du lese meir om i denne rapporten frå Samfunnsøkonomisk Analyse om Voss herad. Samfunnsøkonomisk Analyse har analysert kva verdi kultur og musikalske hendingar har for eit lokalsamfunn.
Fråsegn frå hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune til kommunestyra i alle kommunane i Vestland
Vestland fylkeskommune har ei målretta satsing på kultur, idrett og inkludering. Dei åra fylket har eksistert, har Vestland auka budsjettrammene til sektoren monaleg, samstundes som vi omstiller og forenklar for å få mest mogleg att for budsjettmidlane. Vår ambisjon er å ta ei tydeleg rolle som det leiande kulturfylket i landet.
Kulturfylket Vestland er ikkje anna enn summen av aktørar og lokalsamfunn rundt om i heile fylket. Å løfte desse er på ulikt vis eit sams ansvar for staten, fylkeskommunen, kommunane, private bidragsytarar, stiftingar mv. Den sektoren som hovudutval for kultur, idrett og inkludering har ansvar for treng fleire finansielle bein å stå på. Om eitt av dei blir vesentleg korta ned, eller forsvinn heilt, kan heile samfinansieringsmodellen vakle eller kvelve heilt over ende.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering konstaterer at fleire kommunar i Vestland har kutta i støtta til aktørar som er samfinansiert av kommune og fylkeskommunen mv. Aktørar melder til oss at bortfall av kommunal støtte gjer at dei i større grad må vende seg til fylkeskommunen for å sikre vidare drift. I vår budsjetthøyring hausten 2025 sa fleire nye aktørar at dei søkte midlar frå fylkeskommunen, til det vi vurderer som utprega lokale kulturtiltak utan regional funksjon, berre fordi det kommunale bidraget var redusert.
Sjølv om fylkeskommunen sine budsjettrammer for det utvida kulturfeltet er styrka, så opplever også Vestland fylkeskommune eit stort behov for omstilling og at rammer ikkje strekker til behovet. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering oppmodar kommunane om å ikkje redusere kulturbudsjetta sine (enten det er til kulturskule, driftstilskot til eksterne aktørar eller anna) og heller ser på korleis det utvida kulturfeltet bygger samfunn i stort og smått, og der tilskot til kultur, idrett og inkludering snarare er god samfunnsøkonomi.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering ser det som viktig at alle kommunane tek sin del av ansvaret for kulturfeltet og ikkje gjer dette til ein salderingspost. Dersom kommunane kuttar i denne sektoren vil det kunne påverke det fylkeskommunale bidraget i dei respektive kommunane på kulturfeltet.
Vedteken 16. april 2026.