Populær støtteordning – fleire vil jobbe med trafikktrygging lokalt

Sykkelskular, rebusløp for russen og refleksaksjonar er blant 103 tiltak som får støtte når fylkeskommunen vil fremme gode trafikkhaldningar i fylket.

Vi ser inn fronten på ein bil som har kræsja, gjennom knust frontrute. I førarsetet og passasjersetet framme sit det to unge jenter, dei er medvitslause og har maling som skal sjå ut som blod i andleta. Det er tydeleg at det er ein øvingssituasjon. Bilen er omkrinsa av redningsfolk i grå branndressar med gule striper og hjelmar, som jobbar med å sikre bilen og få jentene ut. Ein av mannskapa har hovudet inne i bilen og sjekkar pulsen på halsen til føraren av bilen. Fleire ungdommar ser på øvinga.
ØVING SKAPAR TRYGGLEIK: Gode haldningar i trafikken kan skape tryggare lokalsamfunn. Fleire i fylket vil arrangere aktivitetar og øvingar som gir kunnskap og trening på trafikktryggleik, som her på Trafikktryggingsdagen for ungdom på Stryn vidaregåande skule. foto: Therese Dispen/Vestland fylkeskommune

Trafikktryggingsutvalet i Vestland fordelte 3, 028 millionar kroner i den søknadsbaserte ordninga "Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar - 2026" i møte 20. januar.

Vi må starte med haldningane! 

Trafikktryggingsutvalet satsar målretta på haldningsskapande arbeid med desse midlane. Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar er ei populær ordning i heile fylket, og 103 søknader fekk støtte i årets tildeling. Utvalet har vore opptekne av tiltak som kan gi varige endringar i korleis folk oppfører seg i trafikken.

– Vi har lagt stor vekt på aktivitetar som ikkje berre gir kunnskap, men og trening og refleksjon. Slik kan vi bidra til trygg og omsynsfull åtferd, enten du er born på veg til skulen, ungdom bak rattet eller eldre bilførar, seier Arve Helle, leiar for Trafikktryggingsutvalet.  

Sjå liste over kommunar, organisasjonar og lag som har fått støtte i vedlegg.

Tryggleiksdagar og aktivitetar i heile fylket 

Blant søknadane for 2026 finn ein ei lang rekke aktivitetar retta mot barn og unge, som sykkelskule,  refleksaksjonar og hjartesone-prosjekt rundt skular. Vidaregåande skular og frivillige aktørar har søkt om støtte til førstehjelpskurs, rusfrie ungdomsarrangement, og aktivitetar med merksemd på fart, rus og ansvar i trafikken.

Heile 12 kommunar får støtte til Sykkelskule-kurs, der ein ikkje berre lærer korleis ein skal sykle, men korleis ein skal sykle trygt i trafikken.  

Prioriterer tiltak som gir størst effekt 

Trafikktryggingsutvalet har særleg prioritert tiltak som når breitt ut, har god kost–nytte-effekt og er godt forankra lokalt. Kommunar i fylket som arbeider systematisk med trafikktryggleik, dei 21 kommunane som inngår i Trafikksikker kommune-arbeidet og frivillige organisasjonar med kontinuerleg engasjement har òg blitt vektlagde.

– Den store interressa viser at det er eit sterkt engasjement for trafikktryggleik i Vestland. Det er veldig positivt, og gir oss tru på at tiltaka vil bidra til tryggare lokalmiljø og ferdsel i heile fylket, seier Arve Helle.

I mars deler Trafikktryggingsutvalet ut 8,9 millionar kroner til fysiske trafikktryggingstiltak i fylket.