Trappar opp kampen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Fylkestinget har vedteke fleire tiltak, både i vidaregåande opplæring og i det regionale integreringsarbeidet.
– Alle har rett til å leve frie liv utan frykt, press eller tvang. Vestland fylkeskommune skal ta ansvaret vi har og vil både auke kompetansen og setje i verk heilt konkrete tiltak, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkestinget behandla saka i møtet 17. juni. Vedtaket slår fast at negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er alvorlege brot på grunnleggjande rettar og fridommar, og at det er eit offentleg ansvar å kjempe mot dette.
Styrkt innsats i skule og integrering
Eit sentralt tiltak er å styrke arbeidet mot negativ sosial kontroll i vidaregåande opplæring. Fylkestinget har vedteke av Vestland fylkeskommune skal leggje særleg vekt på
- å følgje tettare opp elevar i risikosituasjonar
- gje kompetanseheving for tilsette
- å styrke samarbeidet mellom skule og hjelpeapparat
Tilsette innan opplæring, integrering og folkehelse skal få betre og meir systematisk opplæring om temaet.
– Samstundes syner erfaring at her må vi jobbe på fleire frontar. Meir kompetanse aleine er ikkje nok om vi skal styrke dette viktige arbeidet. Det krev langvarig innsats, tett samarbeid og tydeleg ansvarsfordeling, seier Askeland.
Vil styrke Vestlandsnettverket
Arbeidet mot negativ sosial kontroll er forankra i Vestlandsnettverket. Der deltek politi, barnevern, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) Vest, kommunale hjelpetenester, mangfaldsrådgjevarar, Arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav), Utlendingsdirektoratet (UDI) og fylkeskommunen.
Fylkestinget vil vidareføre og styrke samarbeidet i Vestlandsnettverket.
– Vi må nytte eksisterande ressursar og kompetanse meir aktivt. Nettverket har vist seg som ein viktig arena for å samordne innsats, dele kunnskap og identifisere bekymringar på eit komplekst felt så tidleg som råd, seier fylkesordføraren.
Krev fleire mangfaldsrådgjevarar
Fylkestinget forventar også at staten aukar talet på mangfaldsrådgjevarar i vidaregåande opplæring i Vestland, og at dei vert betre geografisk fordelte.
– Vi treng fleire mangfaldsrådgjevarar, og vi treng dei over heile fylket. Vi har i dag seks mangfaldsrådgjevarar i Vestland, alle i Bergen, medan vi veit at dette kan skje overalt, slår Askeland fast.
Fylkesdirektøren får i oppdrag å følgje dette opp mot nasjonale styresmakter.