Søk om pengar til trygge og inkluderande russearrangement
Lag, organisasjonar og foreldregrupper i samarbeid med skular, kan no søkje om til saman to millionar kroner. Søknadsfristen er 15. februar.
Arrangement som får støtte, må arrangerast anten mellom 14. og 17. mai, eller etter eksamenstida. Dei skal vere inkluderande, trygge og planleggjast i samarbeid med russen. Kommersielle aktørar kan ikkje søkje om midlane.
På rett veg
Russefeiringa er ei privat feiring som markerer skuleavslutninga i vidaregåande opplæring. For ein del elevar utfordrar russefeiringa retten til å høyre til eit godt og inkluderande skulemiljø, og Vestland fylkeskommune har i mange år arbeidd for ei betre russefeiring for alle.
Dette er tredje året ikkje-kommersielle aktørar kan søkje fylkeskommunen om støtte til trygge russearrangement. Tilbakemeldingane frå arrangementa dei to siste åra har vore positive, og syner at vi er på rett veg.
Krav til søknaden
Vestland fylkeskommune har slike krav til arrangementa som skal få støtte i 2026:
- Dei må vere opne for alle som er russ i 2026.
- Dei skal ikkje tillate at anna ungdom enn russ 2026 får delta.
- Dei skal ikkje vere retta mot russebussar.
- Dei må vere lokaliserte nær offentlege transportmiddel.
- Arrangementet skal vere gratis eller ha låg eigenbetaling.
Tilskotet kan nyttast til gjennomføring av inkluderande og trygge russearrangement.
Søknaden må innehalde informasjon om
- det planlagde arrangementet
- korleis kriteria blir oppfylte
- søknadssum/budsjett
Søknaden må sendast til siri.oksnes@vlfk.no innan 15. februar 2026.