Satsar på fleire jenter i teknologi og helseinnovasjon på Vestlandet
– Helseinnovasjon er eitt av hovudmåla våre i det regionale utviklingsarbeidet, og det å få fleire jenter inn i teknologifaga er heilt avgjerande for å sikre kompetansen næringslivet treng framover,» seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
No får både Jenter i Tech 3.0 frå Vestlandsforsking og HealthFjords frå Bergen Næringsråd støtte til å styrke satsingane sine. Vedtaket vart gjort i hovudutval for næring 25. august.
Jenter i Tech 3.0: Ein modell for heile Vestland
Vestlandsforsking får inntil ein million kroner til å rekruttere fleire jenter til teknologifag i Sogn, Sunnfjord/Nordfjord og Hardanger/Voss. Prosjektet byggjer på eit tidlegare pilotprosjekt som vart vurdert som svært vellykka, og i den nye vurderinga svarte Vestlandsforsking godt ut manglane knytt til prosjekteigarskap og plan for vidareføring etter prosjektslutt.
Målet er å utvikle ein dokumentert rekrutteringsmodell som andre aktørar kan ta i bruk i heile fylket, med alliansebygging og lokale nettverk som skal sikre at arbeidet held fram etter at prosjektperioden er over.
HealthFjords: Samlar helseøkosystemet på Vestlandet
Bergen Næringsråd får to millionar kroner til HealthFjords, den felles merkevare- og samarbeidsplattforma for helseøkosystemet på Vestlandet. Plattforma vart lansert i desember 2025 og samlar offentleg sektor, akademia, næringsliv og ideelle aktørar, mellom dei Haukeland sjukehus og UiB, under éin felles identitet.
Med tung leiarforankring og brei oppslutning frå sentrale aktørar, skal prosjektet samle nøkkelaktørane i helseøkosystemet om ein felles strategisk retning, med arbeid knytt til styring og struktur, møteplassar, kommunikasjon og vidare utvikling i heile fylket. Hovudutvalet valde å støtte søknaden fullt ut, i tråd med det store verdiskapingspotensialet fleire aktørar har peika på i helsesektoren.
Bakgrunn
Begge søknadene fekk opphavleg avslag då hovudutvalet handsama tilskot til berekraftig verdiskaping i juni 2026. Utvalet bad om at søknadene fekk ei ny vurdering basert på tilleggsinformasjon frå søkjarane, og saka vart lagt fram på nytt i møtet 25. august 2026.