Pris til ein sårbar gruppe
Ein litt forseinka trafikktryggingspris 2025 går til Norsk Motorcykkel Union (NMCU) i Vestland.
— Motorsyklistar er ei særleg sårbar trafikantgruppe, og ulykkestala for MC-førarar har dei siste åra vore høge og skapt stor bekymring, seier Arve Helle, leiar for Trafikktryggingsutvalet.
Nullvisjonen er eit felles mål om ingen hardt skadde eller drepne i trafikken. — For å nå målet trengst det ein felles innsats frå dei mange aktørane som er oppteken av samferdsel, og trygge tilhøve for alle som ferdast på vegane.
Sterkt engasjement
I grunngjevinga for kvifor Norsk Motorcykkel Union vinn prisen står det at dei gjennom mange år vist eit sterkt og systematisk engasjement for trafikktryggleik. Organisasjonen arbeider målretta både med få innverknad på fysiske vegtiltak og med haldningsskapande arbeid for å påverke motorsyklistane si åtferd i trafikken.
— Det er ei glede å tildele Trafikktryggingsprisen til Norsk Motorcykkel Union sine krinsar i Vestland. Gjennom sitt målretta og langsiktige arbeid har dei vore ein viktig bidragsytar til auka trafikktryggleik, og dei to krinsane ein verdig mottakar av Trafikktryggingsprisen for 2025, seier Helle.
I Vestland fylke har dei to aktive krinsar –ei i gamle Sogn og Fjordane og ei i gamle Hordaland.
— Begge gjer ein svært god innsats for å løfte trafikktryggleik, og dei har unik kompetanse på motorsyklistar sine behov. Samarbeid med vegeigarar og andre relevante aktørar er avgjerande for å fremme motorsyklistane sine interesser og betre tryggleiken for denne trafikantgruppa, seier Helle.
MC-forum
Krinsane driv haldningsskapande arbeid og arrangerer mellom anna førarutviklingskurs for å styrke køyrekompetansen hos medlemmene sine. Dei deltek også jamleg på trafikktryggingsarrangement og bidreg med fagkunnskap og engasjement. NMCU vektlegg faktabasert kunnskap, informasjon og samarbeid.
Dei siste åra har NMCU-krinsane i Vestland vore pådrivarar for etablering av eit MC-forum i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk. Forumet er etablert og fungerer som ein viktig møteplass der sentrale aktørar samlast for å ta opp relevante problemstillingar knytt til motorsykkel og trafikktryggleik, og legge til rette for samarbeid og felles løysingar.
— Ein støtte til arbeidet
Sissel Stuber, leiar av NMCU i Hordaland har vore aktiv for å informere om korleis det er å vere motorsyklist, og korleis forholda kan betrast for denne trafikantgruppa. I gamle Sogn og Fjordane er det Arvid Stenehjem som er leiar.
— Vi var litt overraska då vi fekk vite at vi hadde vunne denne prisen. Vi gjer ein jobb, men det er ikkje mange som ser det. Denne prisen er ein støtte til arbeidet vi gjer, og det forpliktar oss til å halde fram, seier Stuber.
Claudio Malenotti overtar leiaransvaret etter Stuber, og har vore mange år i styret og i NMCU.
— Eg skal gjere mitt beste for å halde fram arbeidet som allereie er blitt gjort, seier han.
Prisen er på 50 000 kroner, og blir delt mellom dei to krinsane i Vestland.