Opphevar mellombels freding av Hotel Central / Villa Visnes
Riksantikvaren gav ikkje Vestland fylkeskommune tilslutning til å starte opp ordinær fredingssak. Grunnlaget for mellombels freding har difor falle bort, og fylkeskommunen opphevar no denne.
Vestland fylkeskommune fatta 15. april 2025 vedtak om mellombels freding av Hotel Central / Villa Visnes i Stryn kommune. Fredinga omfatta både matsalen og bygningen sitt eksteriør, og vart gjort for å sikre kulturhistoriske verdiar medan spørsmålet om permanent freding vart vurdert.
Trong tid til å avklare
– Vestland fylkeskommune gjorde vedtak om midlertidig freding fordi nasjonale kulturmiljøinteresser kunne vere trua. Vi trong tid for å vurdere om hotellet skulle fredast permanent. Etter avgjerda til Riksantikvaren har vi fått ei avklaring. Vilkåra for vidare freding er ikkje lenger til stades, og då skal vedtaket opphevast, seier Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Vestland fylkeskommune kartla i 2025 dei kulturhistoriske verdiane i matsalen på hotellet og resten av bygningen. Fylkeskommunen konkluderte med at Hotel Central / Villa Visnes er eit kulturminne av nasjonal interesse, og at verdiane er særleg knytt til den godt bevarte matsalen som har ein svært høg kulturhistorisk og arkitektonisk verdi.
Tilrår å sikre kulturminnet gjennom plan- og bygningslova
Fylkeskommunen bad i desember 2025 Riksantikvaren om å starte ordinær fredingssak etter kulturminnelova § 15. Avklaringa frå Riksantikvaren kom 23. mars 2026, og Riksantikvaren gav altså ikkje tilslutning til oppstart av fredingssak. Riksantikvaren peikar på at matsalen er svært sjeldan, men meiner likevel at dei omfattande endringane som er gjorde både innvendig og utvendig over tid, har svekt den heilskapleg kulturminneverdien til anlegget.
Riksantikvaren tilrår i staden at dei kulturhistoriske verdiane blir sikra gjennom plan- og bygningslova.
Oppmodar kommunen til vidare vern
Sjølv om bygningen ikkje blir freda etter kulturminnelova, understrekar Vestland fylkeskommune at matsalen framleis har svært høge kulturhistoriske verdiar. Fylkeskommunen oppmodar Stryn kommune til å ta vare på desse verdiane gjennom omsynssone etter plan- og bygningslova.