Opnar Gaularfjellet før påske, Sognefjellet følger etter

Ein snøfattig vinter gjer at du kan nytte fylkesvegane på populære fjellovergangar i Vestland tidleg i år. Fv. 613 Gaularfjellet opnar før palmehelga medan Sognefjellet og Bjordal-Matre siktar på 1. april.

Bilde frå oven/lufta av ei snødekt fjell, blå himmel bak. Ein svart veg skjer gjennom framsida av fjellet og snur inn i fjellheimen på venstre side, i svingen er det eit flott bygg og ein parkeringsplass med utsiktspunkt.
ATTRAKTIVE TUROMRÅDE: Fjellovergangane opnar for spektakulære turområde, som her på fv. 613 Gaularfjellet og stoppepunktet Utsikten. Men enno må ein ta omsyn til vekslande vêr og føre. Foto: Vestland fylkeskommune/Ingrid Bjørnerheim Hynne

Heile Gaularfjellet er frest 

– Vi satsar på å opne Gaularfjellet fredag 27. mars, utan nattestenging, seier Dina Lefdal, direktør for veg og infrastruktur i Vestland fylkeskommune. – Dette går om vêret held seg stabilt og det ikkje kjem meir snø.

Vegen er allereie opna til Langestølen i vest og til Mel–Bårdalsstølen i aust, og heile vegen er frest fri for dei største snømassane. Arbeid som står att før heile vegen til populære turområde opnar er å sikre og grave snø og is frå kantane og noko meir snørydding.

Parkér fornuftig!

Lefdal har ei bøn til dei som vil nytte dei nasjonale turistvegane Gaularfjellet og Sognefjellet no tidleg vår, samt Bjordal-Matre:

– Vi ber innstendig om at dei som parkérer langs vegen gjer dette slik at vi kan komme fram med hjullastar og traktor med plog og rydde snø og is som kjem ned under smeltinga eller med vêret! seier Lefdal. – Dette er også viktig for naudetatar og hjelpekorps, "villparkering" kan skape store problem.

På fv. 5442 mellom Bjordal og Matre tek ein sikte på opning 1. april. Vegen fører til store hytteområde, og her er det allereie ferdigbrøyta til Hestfossen på sognesida og Stordalsstølen på hordlandssida.

Snøkledd landskap med fjell og eit is og snødekt vatn i forgrunnen. Vegen som går langs vatnet er grå og fri for snø, men eit snøskred har gått ned på vegen frå ei snøkledd fjellside.
STENGT PÅ KORT VARSEL: Tryggleiken kjem alltid først, og det kan skje at fjellovergangane blir stengde på kort varsel. Dette snøskredet på Gaularfjellet gjekk 10. mars ved Strendene. Foto: Vestland fylkeskommune/Ingrid Bjørnerheim Hynne

Uvêr på Sognefjellet

Fylkeskommunen tek også sikte på å opne fv. 55 over Sognefjellet 1. april, dagen før skjærtorsdag. Dette er tidleg og før kontraktsfesta dato 1. mai. Her er det uvêret som er meldt 20. mars og fleire dagar framover som gjer opning vanskeleg. 

– Det er lite snø også her, men det er vêrmeldingane framover no som skapar stor usikkerheit. Uansett jobbar vi mot opning 1. april, seier Lefdal.  

Her er det og fleire omsyn å ta. Villreinen har viktige trekk over Sognefjellet, som bør forstyrrast så lite som mogleg. 

Nattestenging og vinterdekk

Sognefjellet er Nord-Europas høgste fjellovergang med 1428 m.o.h. som høgste punkt, og vegen blir nattestengt kl. 20–08 fram til 1. mai.

– Folk må komme seg nedatt frå frå fjellet før klokka åtte på kvelden. Området er spektakulært, og vi skjønar at det er både flotte og lange turar som fristar, men både veret og føret er utrygt. Og ein må ha vinterdekk, seier Lefdal.

Frå austida av fjellet i Innlandet fylke er vegen ferdigbrøyta, med bom ved Sognefjellshytta. Det er skilta med informasjon om nattestenging fleire stader på vestsida og austsida av fjellovergangen.