Ny teknologi reduserer saltbruken på fylkesvegane

Med nye klimastasjonar kan entreprenørane strø meir presist. Resultatet er tryggare vintervegar, redusert saltbruk og eit viktig miljøløft for Vestland fylkeskommune.

Ein klimastasjon på ein stang. bak er ei stor bru.
ENKLARE: Ein klimastasjon gjer jobben enklare for entreprenøren når dei skal ut og strø. (Foto: Karen Rørlien/Vestland fylkeskommune)

Langs mange fylkesvegar er det nyleg sett opp klimastasjonar som gjer vinterdrifta meir effektiv og presis. Fleire entreprenørar som har driftskontraktar i fylket har tatt i bruk klimastasjonar som samlar inn data og foreslår tiltak på vegane.

Byggeleiar Roger Lemme har ansvar for vegar frå Tysnes til Osterøy, og her er det til saman 16 klimastasjonar. Systemet nyttar data frå mange andre målestasjonar over heile landet. Desse måler blant anna

  • temperatur i lufta
  • luftfuktighet
  • temperatur i vegbana

I tillegg hentar dataprogrammet informasjon frå vêrtenester som YR og Meteorologisk institutt, og frå målestasjonar som fylkeskommunen og Statens vegvesen eig.

Betre tiltak og betre økonomi

Alle desse datakjeldene blir brukte til å lage detaljerte prognosar for vinterdrifta: kor entreprenøren bør strø, kor mykje som trengst, og kva tidspunkt som gir best effekt. Entreprenørane legg òg inn kva tiltak dei sjølve har utført. Over tid lærer systemet av dette – og prognosane blir stadig betre.

– Det er spesielt nyttig for dei som skal ut og strø. Vêret kan variere enormt i eit område, det kan vere full vinter i Samnanger og nesten vår ein annan stad. Då treng vi eit verktøy som kan gi oss eit meir presist bilete av situasjonen, seier Lemme.

Ein mann med gul refleksjakke
GODT VERKTØY: Arbeidskvardagen til byggeleiar Roger Lemme er meir forutsigbar når han får hjelp av klimastasjonane som står langs vegen. (Foto: Camilla Einarsen/Vestland fylkeskommune)

Gjennom heile året har entreprenøren 24/7-beredskap i éi veke om gongen, og rykkjer ut ved behov. Beredskapsvakta følgjer systemet gjennom døgnet og kombinerer data med lokalkunnskap frå entreprenørane.

Mindre salt

Klimastasjonane kom på plass rundt juletider, og Lemme ser alt tydelege fordelar. Treffsikker punktstrøing er betre både for økonomien og for miljøet, og er eit viktig grep for å redusere saltforbruket.

Systemet kan òg hente sanntidsdata frå fleire bilmerke som Volkswagen, Skoda, Seat og Porsche, altså bilar frå VAG-konsernet, om mellom anna friksjon og når bilar opplever skrens. Dette gjer trafikken sjølv til ei ekstra kjelde til informasjon i vinterdrifta.

– Sanntidsinformasjon frå bilane er framtida for vinterdrifta. Det gjer oss i stand til å levere meir rett drift, seier Lemme.

Ei lønnsam investering

Innføringa av systemet er eit spleiselag mellom entreprenør og fylkeskommunen. Kostnaden var om lag 300 000 kroner første året, og deretter 100 000 kroner årleg.

– Dette sparar vi raskt inn gjennom meir presise tiltak og mindre unødvendig strøing, understrekar Lemme.