Ny Nasjonal transportplan – Vestland er med frå første steg

Kampen om samferdslemidla er i gang, og Vestland får no større moglegheit til å nå fram når neste Nasjonal transportplan skal formast. Fylket spelar inn kritiske behov i samferdslesektoren før staten vel ut prioriterte prosjekt.

Bilde frå lufta (drone) av ei lita ferjekai. blå sjø i forgrunnen og parkeringsplass med to bilar i bakgrunnen og asfalterte biloppsitllingsfelt og veg inn mot kaia bak til høgre. Eit lite raudt trehus er rett bak kaia, venterom. Bak dette er det fjellskjæring, og landskapet er og dekka av snø. Dagslys og sol. Tre personar i gult arbeidstøy og ein i oransje arbeidstøy går p åkaia og inspiserer. Kaia har tydeleg og mykje rust.
VIKTIG STARTSKOT: Valestrand ferjekai på fv. 467 er ei av mange i fylket som har kritisk behov for oppgradering. No spelar Vestland inn samferdslebehova tidleg i NTP–prosessen. – Vi forventar at staten tek det med seg vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Vestland fylkeskommune/Håvard Strandabø Kvalen

– Dette er startskotet for noko av det viktigaste samferdselsarbeidet for fylket, og vi er med – på ein betre måte! seier fylkesordførar Jon Askeland.

Neste Nasjonal transportplan (NTP) skal etter planen leggast fram våren 2028 og gjelde for perioden 2029–2040. Fylkesutvalet i Vestland handsama innspel til landsdelsanalyse, NTP i møte 19. mars.

Med når premissa blir sette 

Vestland fylke får no høve til å legge fram eigne utfordringar, behov og moglegheiter lenge før prioriteringane blir gjorde. Det er gjennom nye landsdelsanalysar at fylkeskommunen får komme med innspel om tilstand og forventa utvikling i regionen. I lag med innspel frå transportverksemdene om alt frå jernbane til flytrafikk, og frå dei store byane, kjem totalbildet for Vestland betre fram. 

– Det gir oss klare fordelar å bli involverte så tidleg i prosessen, det er no premissane blir sette, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

– No kan vi påverke sjølve kunnskapsgrunnlaget om fylket vårt før staten konkluderer om samferdsleprosjekt, ikkje berre kommentere ferdige forslag. Vi får sjølve definere utfordringane våre.

Peikar ut fire hovudutfordringar 

Fylkesutvalet i Vestland legg fram fire hovudutfordringar som må løysast for Vestland: eit stort vedlikehaldsetterslep og behov for standardheving på fylkesvegane, sterk vekst i Bergensområdet som krev prioritering av kollektivtransport for å nå nullvekstmålet, sårbar infrastruktur utsett for skred og flaum med få omkøyringsmoglegheiter, og Vestland si rolle som Noregs største eksportfylke med behov for trygge og effektive transportløysingar for næringslivet.

– Ikkje minst så krev den grøne næringsutviklinga i fylket robuste og gode transportløysingar, som støttar arbeidsmarknaden og bind saman produksjon, hamner og marknader, seier Askeland.  

– Vestland har store kostnadar knytt til heilt naudsynt oppgradering av tunellar og ferjekaiar framover. Dette må sikrast finansiering, og vi forventar at staten tek det med seg i det vidare arbeidet.

Godt i gang 

NTP‑prosessen er med dette formelt i gang. Statens vegvesen leiar arbeidet der dei i lag med fylkeskommunane, transportverksemdene og ni store byområde nasjonalt lagar det faglege grunnlaget gjennom fleire oppdrag med fristar i april og mai 2026. Neste store milepæl kjem våren 2027, med eit prioriteringsoppdrag på høyring til fylkeskommunane.

– Då kjem kampen om prosjekta. Vi veit frå før at målretta mobilisering gir resultat, i førre NTP fekk vi gjennomslag for viktige prosjekt som E16 Arna–Stanghelle og støtte til fylkesvegane. No er vi veldig godt i gang til neste runde, seier Askeland.